I går høyrde vi at det er uaktuelt med ilandføring av gass til Lutelandet med dagens teknologi. Svein Klemetsen, som er prosjektleiar i Aker Kværner Engineering & Technology, la i går fram rapporten om utsiktene for gasseventyr i Fjaler. Aker Kværner har laga rapporten på oppdrag frå Lutelandet A/S. Der går det fram at avstanden og kapasiteten på eksisterande anlegg gjer dette uaktuelt. Sjå "Små sjansar for Lutelandet".
Langsiktig
Fylkesordførar Nils R Sandal er framleis optimist. Arkiv NRK.
Ordførar Arve Helle i Fjaler har vore sentral i danninga av selskapet Lutelandet A/S der Fylkeskommunen saman med HAFS-kommunane Fjaler, Askvoll, Solund og Hyllestad er medeigarar. Han meiner rapporten kom med nye perspektiv i saka, og la til rette for å tenke nytt og langsiktig.
- Framtida vil bringe med seg ny teknologi som heilt klart gir oss nye muligheiter, trur Helle.
Også fylkesordførar Nils R. Sandal held på optimismen:
- Det trengst tid å utvikle den nye teknologien som no er på tale, så planane på Lutelandet er ikkje svekte, snarare tvert imot, seier Sandal.
Langt fram
Sjølv om dette er planar som kan ligge langt fram i tid, og Lutelandet A/S i går fekk beskjed om at ilandføring av gass til Lutelandet er urealistisk slik stoda er i dag, er Helle optimist.
Ordførar Arve Helle trur på langsiktig jobbing. Arkiv NRK.
- Eg har vore optimist heile vegen, og eg vart ikkje mindre optimist no. Men det er viktig at det må leggast eit langt tidsperspektiv på dette. Det blir ikkje stukke nokon spade i jorda på Lutelandet neste år, vi snakkar fort om eit tiårsperspektiv, seier Helle.
Urealisme
Etter at det vart funne olje- og gassfelt utanfor kysten her i fylket, har optimismen om kva dette kunne bringe av ringverknader vore stor, og det har i HAFS-regionen vore snakka om eit gasseventyr. Helle trur dei har vore for urealistiske i vonene.
- Det er lett å hausse opp forventningane om at noko skal skje veldig kjapt, og då blir folk skuffa. Men på lang sikt trur eg vi skal få til noko som gir HAFS-regionen eit gedigent løft, seier Helle.