Hopp til innhold

Framleis trøbbel på fjellovergangane

Tidleg måndag morgon skapar uvêret framleis trøbbel på fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane. I ytre strok klarnar det opp, også det kan bety trøbbel for deg som skal ut på vegane.

Kolonnekø på riksveg 52 Hemsedalsfjellet, ved Bjøberg

KØ: Skal du over riksveg 52 Hemsedalsfjellet tidleg måndag morgon, må du bu deg på litt ventetid. Her er det bilar som står i kolonnekø på austsida av fjellet, ved bommen på Bjøberg.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Tidleg måndag morgon var E16 over Filefjell og riksveg 15 over Strynefjellet dei to einaste fjellovergangane inn og ut av fjordfylket som var opne for fri ferdsel. Vikafjellet, Hol-Aurland og Tyin-Årdal var alle stengde, medan det var kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet.

Like før klokka 09 opna både Hol-Aurland og Hemsedalsfjellet for fri ferdsle.

Det har vore ruskete vêr i fleire dagar, og søndag kveld vart fleire av fjellovergangane stengde grunna uvêr, medan det på andre måtte innførast kolonnekøyring.

For dei som skal over fjella tidleg måndag morgon kan styggevêret framleis by på problem.

Fare for glatte vegar

Heller ikkje i låglandet er det fritt for problem.

– Vi ser av vêrmeldingane at det byrjar bli kaldare i ytre strok. Det klarnar opp, og det er fare for at det kan fryse på. Så der må vi be folk om å vere litt ekstra merksame, er beskjeden frå vakthavande Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal like før klokka 07 måndag morgon.

Ved Vegtrafikksentralen har dei allereie fått meldingar om glatte vegar i Hyllestad, og på riksveg 5 mellom Storebru og Svarthumle mellom Eikefjord og Naustdal.

Slik var stoda klokka 09:

  • E16 Filefjell – opna natt til måndag for vanleg trafikk etter at det var kolonnekøyring søndag kveld. Snø- og isdekke.
  • Riksveg 13 – Vikafjellet – stengd grunna uvèr sidan klokka 00.25 natt til måndag. Ny vurdering først klokka 12 måndag, her er det mykje snø som må ryddast.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – opna for trafikk klokka 04.18 natt til måndag etter å ha vore stengd grunna uvêr. Snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – opna for fri ferdsle like før klokka 09 etter at det har vore kolonnekøyring sidan søndag kveld.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna uvêr. Ny vurdering klokka 09.
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr. Ny vurdering klokka 10.
  • Fylkesveg 241 Bakka, på strekninga Gudvangen-Bakka – stengd grunna jordras. Her blir det gjort ny vurdering i løpet av morgontimane.
  • Fylkesveg 242 – Skjerdal, på strekninga Aurlandsvangen-Skjerdal – stengd grunna jordras. Her blir det gjort ny vurdering i løpet av morgontimane.

Mykje snø i fjellet

– På Vikafjellet har det kome mykje snø som skal ryddast, så det vil ta noko tid før brøytemannskapa er ferdige med det, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen like før klokka 07.

Det er også kome mykje snø på Årdal-Tyin og på Hol-Aurland.

Trafikkoperatør Idar Sangholt ved Vegtrafikksentralen i Bergen opplyste i 05.15-tida måndag morgon at det i hovudsak var vinden som har skapt problem i fjellet.

– Ifølgje vêrmeldingane skal det løye utover dagen, seier han.

Hald deg oppdatert på det som skjer i trafikken på NRK.no/trafikk

Fylkesveg 50 ved Vestredalen 07. desember 2015

STENGD: Slik ser det ut på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland klokka 05 måndag morgon. Biletet er frå Statens vegvesen sitt webkamera i Vestredalen, retning mot Hol.

Foto: Statens vegvesen/webkamera