Teatersjef Terje Lyngstad. Arkivfoto NRK
Halve året er gått, og teatersjef Terje Lyngstad fortel at innsparingane verkar, men at spareprosessen går saktare enn venta. - vi trur likevel vi skal nå målet vårt dersom vi reduserer endå litt til på turnéverksemda vår, seier han.
- Bra publikumsmessig
Sogn og Fjordane Teater har aldri tidlegare opplevd ei større økonomisk krise, seier Lyngstad. Publikumsmessig ser det derimot bra ut, og teatersjefen håpar på mellom 15.000 og 18.000 besøkande. Fjorårets resultat på 30.000 besøkande var kunstig høgt, seier han.
Frå oppsetjinga "Siste båt". Arkivfoto NRK
Vågar ikkje vere optimist
Om kort tid skal ein halvårsrapport om den vanskelege økonomiske situasjonen leggast fram. Men Lyngstad vågar ikkje å vere optimist. - Det som vi har vore gjennom har verkeleg røynt på, seier han.