NRK Meny
Normal

Åtvarar mot skiturar i bratt terreng no i jula - betydeleg skredfare på Vestlandet

Rasfaren i Norge er no størst i dei tre vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og ein del stader i Møre og Romsdal. Skredvarslinga åtvarar folk som vil bruke juledagane på skiturar i bratt terreng.

Frikjørere, skredfareskilt

VER VARSAM: Skredvarslinga åtvarar mot turar i bratt terreng no i jula.

Foto: Erik Waage

Store mengder snø kan freiste mange til å leggje ut på tur, men på heile Vestlandet er snøskredfaren overhengande.

– Det er betydeleg skredfare, faregrad 3, på heile Vestlandet. Framleis nedbør og mykje vind er årsaka til det. Det legg seg opp veldig mykje snø i léområda, og der er faren størst, seier Solveig Kosberg, vaktleiar for snøskredvarslinga i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Ho peikar på at med faregrad 3, så betyr det at ein skiløpar kan løyse ut og lett bli teken av skred i utsette område.

– Det kan også gå skred av seg sjølv. Det er krevjande forhold, og det krev mykje kunnskap for å bevege seg trygt slik som det er no, slår Kosberg fast.

Ho tilrår turgåarar å velje slakare turar i terreng som er under 30 grader bratt, og halde seg unna utsett terreng.

– Særleg om det er snøver og dårleg sikt, så kan det vere vanskeleg å sjå kvar faren er størst. Då må ein vere enda meir varsam med å velje tur.

Utover jula kan faregraden gå ned, men det føreset at vêret blir betre, og uansett ber ho om at folk er merksame på skredfaren.

– Det er tryggare i skogen der vinden ikkje har teke så mykje tak i snøen, enn over tregrensa. Er ein i tvil vil eg tilrå preparerte løyper, seier Kosberg.

Laster kart, vennligst vent...

SKREDFARE: Store deler av Vestlandet har tysdag faregrad 3 i høve moglege snøskred.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.