Hopp til innhold

Framleis problem med undervarmen

Eit spirande håp er vendt til nye vonbrot mellom dei som skal syte for at Fosshaugane Campus er klar til eliteseriekamp mot Tromsø neste helg.

Tom-Idar Teigen

- KOMPLISERTE SAKER: Eigedomssjef Tom-Idar Teigen i Sogndal Fotball.

Foto: Rune Sjøberg

Måndag såg det ut til at dei hadde fått undervarmen til å virke, slik at dei kunne få vekk snøen og isen som dekte kunstgraset. Men no viser det seg at det er langt frå full effekt, og i dag tidleg var bana beinfrosen igjen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fosshaugane er isfri

SLIK ER DET I DAG: Bana er isfri og ser innbydande ut, men er for hard til å spele på.

Foto: Rune Sjøberg

Har fått vekk isen

Eigedomssjef Tom-Idar Teigen i Sogndal Fotball konstaterer at bana er fri for is og snø, men at ho ikkje er så mjuk som ho skal vere.

– Difor må vi gjere andre tiltak for at det skal gå an å spele på bana. Likevel er situasjonen lettare, for vi har fått vekk det 10-15 cm tjukke islaget, så no kan vi arbeide manuelt med bana for å få ho speleklar.

– Kva er det som er feil med undervarmen?

– Nei, det er kompliserte saker dette, det er noko med styringseininga til banevarmen som ikkje fungerer som tenkt, dermed får vi ikkje nok effekt i sløyfene som ligg i bana.

Fosshaugane Campus

SLIK VAR DET MÅNDAG: Islaget som dei jobba med måndag er no vekk, men bana er hard.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

Reknar med kjapp løysing

Teigen seier at leverandørane arbeider kontinuerleg med problemet.

– Vi reknar med at dei finn ei løysing på det relativt kjapt. Dersom det ikkje skjer må vi først finne ein plan på kort sikt slik at vi kjem oss gjennom vårsesongen. På lang sikt må vi sjå om vi må byggje omatt, eller sjå om det er noko vi kan gjere med styringseininga eller kablane.

– Er du redd for at de må grave oppatt heile kunstgaset og legge alt på nytt?

– Eg er ikkje redd for det, må vi det så må vi det. Dette er det leverandøren som må stå for. Det vi vil ha er eit system som virkar optimalt til hausten og vinteren.