Hopp til innhold

Framleis problem med telenettet

Mobil og fastttelefondekninga er i ferd med å komme i enkelte område som har vore utan dekning sidan firetida i natt.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

BASESTASJONANE ER IKKJE PROBLEMET: Tidlegare var basestasjonane problemet. No er det noko anna.

Foto: Telenor

Straumbrot førte til at nettet i deler av Sogn og Fjordane har vore nede etter ein sentral og 29 basestasjonar ikkje verka.

Like før klokka ti kom meldinga om at straumen er tilbake i Gulen. Ein halv time seinare melder Telenor at straumen er tilbake i Solund.

Men det er framleis store problem med telefonsambandet i dei andre kommunane, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

– I Hyllestad og Solund har alle basestasjonane vore nede og i Gulen halvparten. Så for dei tre kommunane er mykje ute på mobil og faktisk også ein del på breiband og fasttelefoni.

Også i Askvoll og Gaular har det berre vore delvis dekning på mobilsambandet. I Florø, Førde, Aurland, Bremanger, Høyanger og Gloppen har enkelte stasjonar vore ute av drift tysdag.

Sentralen i Gulen vart råka av straumbrot i 1730-tida i går. Det har slått ut stasjonen og 29 basestasjonar i fylket er råka. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand forstår at mange kjenner seg fortvila over å vere utan summetone dersom dei treng hjelp. Han vil sjølv kartlegge situasjonen.

Uvisst kva tid feilen blir retta

Framleis veit Telenor lite om kva tid feilen kan bli utbetra, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

– Vi håpar på at mannskap kan vere framme ca. 0845. Det er altså sambandsknutepunkt på Rutledal som er nede. Så når straumen går ved sentralen så er det som skaper problema. Så vi har entreprenør på veg med aggregat, så er vi heldige får vi det raskt opp. Men det er veldig vanskeleg å seie kva tid det kan bli utbetra, sa han til NRK tidleg tysdag morgon.

Amundsen understrekar at det ikkje er basestasjonane som er problemet. Men han har ikkje godt svar på kvifor det ikkje er lenger er dekningstid på stasjonane.

– Det er dette sambandsknutepunktet som gir summetonen fram til dei andre basestasjonane. Kvifor den ikkje lenger har batteri i backup kan eg ikkje heilt svare på.

Veit ikkje kva tid straumen forsvann

Det lange straumbrotet frå klokka 17.30 i går har ført til at batterikapasiteten er tømt på sambandsknutepunktet. Dekningsdirektøren opplyser til NRK at det har ein kapasitet på åtte timar. Det er dessutan fare for at også batteria på basestasjonane er i ferd med å gå tomme.

– Burde ein vore betre budd etter Dagmar og hatt betre levetid på basestasjonane og sambandsknutepunktet?

– Det er eit godt og relevant spørsmål akkurat no. Det eg kan bekrefte er at alle basestasjonane i Sogn og Fjordane har batteri og har godt med gangtid. Men dette gjeld altså sambandsknutepunktet.

Amundsen opplyser at slike lange straumbrot er kompliserte, og at dei er avhengige av at straumen er tilbake før alle telefonlinjer er friskmelde.

Tung snø over linjenettet

Også kraftselskapa har ein hektisk dag. Sunnfjord Energi opplyser at dei jobbar med å få retta feil på straumnettet både i Jølster, Førde, Naustdal og Gaular.

– Tung snø og tre som ligg over linjenettet fører til feil på nettet, melder Sunnfjord Energi.

Alt tilgjengeleg personell jobbar for å finne feila og rette desse. Men på grunn av djup og våt snø, er det vanskeleg å komme seg fram i terrenget.