Hopp til innhold

Framleis problem for Hydro

Tilsette ved Hydro sine verk kan også i dag bu seg på ein arbeidsdag utanom det vanlege. Industrigiganten vart i går utsette for eit omfattande dataangrep. For å hindre at dataviruset spreier seg har Hydro måtte slå ned ein del datastyrt aktivitet. Noko som igjen medførte meir manuelt arbeid og fleire på jobb. Angrepet blir no sjekka opp mot andre dataangrep og Hydro får hjelp til ei internasjonal klappjakt for å finne ut kven som stod bak.

Dataangrep mot Hydro
Foto: Sondre Dalaker / NRK