NRK Meny
Normal

Framleis på sjukehus

Den eine mannen som vart påkøyrd i Fresvik førre helg, ligg framleis på sjukehus med alvorlege knuseskader i hofter og bekken.

Ambulanse
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fleire personar vart sjokkerte augevitne til at ein bil køyrde inn i folkemengda, meia ned tre personar og køyrde vidare.

Same natt pågreip politiet mannen dei trur er den skuldige, men mannen nektar for all skuld.

Politiet avhøyrer framleis vitna til hendinga.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.