NRK Meny
Normal

Framleis på botn av tabellen

Sjølv ikkje med to nye spelarar på laget klarte ikkje Eid å sikre seg sigeren på heimebane mot Florø laurdag. Men Eid-trenaren er optimist.

Eid - Florø

MÅLSCORAR: Bjørn Totland driblar seg forbi Stefan Aase og Florø sin tomålsscorar Halvor Solheim Olsen.

Foto: Stig Høynes

Eid har ikkje fått ein siger sidan dei spelte mot Florø i serieopninga. Laget ligg på botn av tredjedivisjons-tabellen med berre seks poeng.

I dag spelte dei mot Florø på Eid Stadion, og kampen enda med stillinga 1-3. Det var fortent meiner Eid-trenar.

– Florø var totalt sett best i heile kampen. Dei hadde ein mykje betre andreomgang enn vi hadde, og vi klarte ikkje å henge med. Vi hadde nokre bytte med folk som vart skadd, og vi fekk slitne bein rett og slett, seier Frode Nord.

Jamn førsteomgang

Førsteomgang var derimot jamn, seier Eid-trenaren. Florø hadde eit par sjansar og hadde fleire dødballsituasjonar enn Eid, som hadde ein stor sjanse.

– I andre omgang vert vi pressa bakover i bana. Florø er eit jamngodt lag med mange, unge gutar, seier Nord.

Dei tre Florø-måla vart sett inn av Kristoffer Ryland og Halvor Solheim Olsen som scora to mål i kampen.

To raude kort vart delt ut i kampen, eit til kvart av laga.

– Det var tøffe tak, seier Nord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eid - Florø

TØFFE TAK: Henrik Salveson i duell med Florø sin fyrste målscorar Kristoffer Ryland.

Foto: Stig Høynes

Ny spelar scora Eid-mål

Framfor haustsesongen har Eid styrka stallen sin med fleire rutinerte spelarar. I dag var Bjørn Totland og Henrik Salveson med. Totland stod for Eid sitt einaste mål i kampen, etter ei målpasning frå Salveson. Trenar Nord fekk eit godt inntrykk av spelarane etter dagens kamp.

– Dei er litt kamprustne, men vi ser at dei bidreg til at vi blir eit betre lag. Dei kjem til å bli med oss fleire kampar utover i sesongen, seier Nord.

– Dei er teke inn for å sjå om vi kan berge plassen, så det er litt brannsløkking. Vi må prøve å få bygge opp att ein ny spelarstall på heimebane så vi får trent skikkeleg heime. Desse spelar jo stort sett berre kampar for oss, seier han.

– Sterkt lag

Trass tapet i dag meiner Nord at dagens Eid-lag er det sterkaste laget dei har stilt, i alle fall på papiret.

– Treningsmessig så er vi ikkje på høgde med Florø. Det hadde vore bonus å få poeng i denne kampen, men vi gjekk jo for å vinne. Men vi orkar ikkje nok i forhold til det dei gjer, seier Nord.

Neste helg møter dei Voss på bortebane, og Nord trur Eid vil stille med eit bra lag både då og i kampane framover.

– Laget blir styrka no, heilt klart, og det trur eg motstandarane kjem til å merke, seier Eid-trenaren.

Han er optimistisk til at dei kan gjere det mykje betre på haustsesongen.

– Men det blir litt lotteri om vi klarar å ta nok poeng for å hente inn nok lag. 20 av 33 poeng trur eg vi minst må ta for å klare å komme opp på ståplass når vi er ferdig med sesongen, så vi kan ikkje tape for mange kampar, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.