- Det er ingen grunn til å endre oppfatning etter å ha lest rapporten til Kaupang om konsekvensane av ei samanslåing, sa Nesheim etter folkemøtet på Leikanger onsdag kveld.
- Eg er framleis for at Leikanger skal vere ein eigen kommune. Eg trur nemleg vi er i stand til å ta oss av dei tilpassingane som skal til, på eiga hand. Eg har stor tru på det å ha nærleik mellom dei som tek avgjerder og menneska som blir påverka av vedtaka.
Vil bruke gevinsten
Nesheim har lite til overs for argumentet om administrative innsparingar.
- Det vil seie at vi sparar for staten, og så får innbyggjarane våre dårlegare tenestetilbodfor å tilfredsstille staten.
Han seier at før staten lovar at kommunane skal få behalde gevinsten ved innsparingar for å kunne oppretthalde tenestetilbodet i kommunen, er det ikkje aktuelt for han å gå med på kommunesamanslåing.
Kan klare oss åleine
Nesheim har tru på at vesle Leikanger kan klare seg som ein eigen kommune i framtida.
- Eg trur på ei god framtid for Leikanger, men viss vi skal klare oss på eiga hand, så må dugnadsånda opp i kommunen, seier ordføraren.