Hopp til innhold

Framleis manuell dirigering

Det er framleis redusert framkomst på riksveg 15 ved Torvika mellom Måløy og Nordfjordeid. Ein semitrailer reiv med seg autovernet tidlegare i dag, og all lasta vart liggande att i vegbana. Ifølgje Statens vegvesen blir det framleis jobba med opprydding. Det er manuell dirigering forbi staden.