Hopp til innhold

Framleis mange stengder vegar

E16 Filefjell er no opnen igjen. Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring berre for tunge køyretøy. Elles er alle fjellovergangar mellom Austlandet og Vestlandet stengde.

Dårleg sikt på Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 07 onsdag morgon. Her er det i morgontimane kolonnekøyring, men det kan bli heilt stengt.

Foto: NRK-tipsar

Stamvegen hadde då vore stengd i fleire timar etter at eit vogntog køyrde seg fast. Bilar over 7500 kg kan også nytte riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Også her var vegen heilt stengd grunna bilberging onsdag føremiddag.

Etter at også E6 over Dovre i 11-tida vart stengd, var einaste alternativ for personbilar mellom aust og vest, å køyre kolonne over E134 Haukelifjell. I Sogn og Fjordane var alle vegar stengde for mindre køyretøy.

Håpar å få rydda raset i Balestrand

På fylkesveg 55 mellom Høyanger og Balestrand, som har vore stengd sidan det tragiske raset som måndag kveld kravde to liv i Tuftadalen vest for Balestrand, pågår det no oppryddingsarbeid ved Flesje bru.

– Vi har våre fagfolk på plassen for å vurdere brua. Viss oppryddingsarbeidet går greit, og det ikkje blir oppdaga spesielle ting ved brua, kan vegen opne innan to-tre timar, seier seksjonssjef Eivind Yttri i Statens vegvesen til NRK.no klokka 11.10.

Det er også sett opp båtrute inn til bygdene i Vetlefjorden i Balestrand og Framfjorden i Vik, som i fleire dagar har vore isolerte grunna rasstengde vegar.

– Følg med på vegmeldingane

– Med det vêret som er no, er det ein del vegstrekningar som alt er bestemt at dei ikkje blir opna i dag, seier Yttri.

Blant vegane som ikkje opna onsdag, er riksveg 15 Strynefjellet.

Yttri oppmodar trafikantar om å følgje med på vegmeldingane på vegvesen.no og NRK.

Bilberging stengde dei siste

I ni tida onsdag morgon køyrde vogntog seg fast både på Filefjell, som hadde open ferdsle, og Hemsedalsfjellet som hadde kolonnekøyring.

– Eit utanlandsk vogntog har hamna utfor vegen ved fylkesgrensa på Hemsedalsfjellet, fortalde brøytesjåfør Ove André Gilen til NRK.no.

Trailer i grøfta på Hemsedalsfjellet

I GRØFTA: Vogntoget køyrde hamna utfor vegen ved fylkesgrensa på Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar

Riksveg 52, som hadde hatt kolonnekøyring i morgontimane onsdag, vart dermed heilt stengd i påvente av bilberging. Vegen opna att for kolonnekøyring i 11-tida, men berre for køyretøy med vekt over 7,5 tonn.

Samstundes stengjer altså bilberging mellom Rysestølen og Maristova Filefjell. Stengde er også vegane rv. 15 Strynefjellet, fv. 50 Aurland - Hol, fv. 53 Årdal - Tyin og rv. 7 Hardangervidda. Einaste veg aust-vest er over rv. 134 Haukelifjell sør for Bergen.

Kolonnekøyring

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal håpar ein i det lengste å kunne halde så mange som mogleg av dei resterande vegane opne.

- Vi håpar og trur at det ikkje vert fleire stengde vegar, trass i at det er meldt ein god del nedbør også i dag, seier vakthavande Arne Stadheim.

Håpar fleire vegar kan opne

Tysdag var det på det meste over 30 vegar som var stengde berre i Sogn og Fjordane grunna dei store nedbørsmengdene.

Fleire vegar opna utover dagen i går, og Stadheim trur fleire vegar vil opne i løpet av onsdag.

- Vi har folk ute, som gjer kontinuerlege vurderingar. Vi håpar å kunne opne fleire vegar, men det er vanskeleg å seie kor tid, seier Stadheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

STENGD: Dette raset stengjer fylkesveg ved Flesje i Balestrand.

Foto: Steinar Lote / NRK

Hemsedalsfjellet kan bli stengd

På den viktige fjellovergangen mellom aust og vest, over Hemsedalsfjellet er det i morgontimane kolonnekøyring. Her kan det bli stengd utover dagen.

Set opp båtruter

På grunn av uvêr og stengde vegar, set Fylkeskommunen opp ekstraordinære båtruter i kommunane Vik og Balestrand.

Dette gjeld strekningane Balestrand-Menes-Farnes-Ulvestad og Balestrand-Kvamsøy og Vik-Framfjord-Nese.

Det går ekstrarute mellom Balestrand sentrum og Kvamsøy onsdag morgon, 08.30 og 09.30.

Om fylkesveg 55 ikkje vert opna utover dagen, vert det sett opp fleire ruter på denne strekninga.

På nettsidene til fylkeskommunen ligg fullstendig oversikt.

Slik er det på vegane onsdag ettermiddag:

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna snøras
  • Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna uvêr. Ny vurdering klokka 10.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring grunna uvêr. Kan bli stengd på kort varsel.
  • Fylkesveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden (Sandskreda bru) – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 53 Øvre Årdal – Holsbru – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 55 Høyanger – Balestrand ved Flesje bru – stengd grunna jordras
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik ved Estebotn bru – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 92 Vik – Arnafjord – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 93 Nautsund – Vadheim, ved Heldalsheia – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering torsdag.
  • Fylkesveg 152 Ulvastad – Menes – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 453 Klakegg – Fonn, ved Veiteberg – stengd grunna overfløyming
  • Fylkesveg 615 Storebru – Sandane (Hyen-Hestnesøyra) – stengd grunna jordras
  • Fylkesveg 691 Gjengedal – Aa Bru – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 723 Bødal – Loen – stengd grunna fare for ras

Fylkesveg 337 Hafslo-Veitastrand, ved Veitastrand var stengd, men er no opna for trafikk.