For her i fylket slit sjukehusa framleis med å få nok legar. Det seier fagdirektør Bjarne Straume ved Førde Sentralsjukehus. Men han har von om at situasjonen skal bli betre i løpet av dei komande to åra.
Rekordmange legar
Det har aldri før vore fleire legar her i landet. Men altfor få vil til Sogn og Fjordane. For ved sjukehusa her er det framleis vanskeleg å få nok legar til å søkje jobb. Ved Førde Sentralsjukehus er det særleg vanskeleg å skaffe spesiallegar, seier Straume. Det kjem både av at det er generell mangel på slike i heile landet, og at dei fleste av desse ønskjer å jobbe i større byar.
Vantar spesialistar
Bjarne Straume trur problemet med å skaffe legar til fylket skuldast generelle problem med å få legar til distrikta. Og sjølv om det vert utdanna fleire legar enn tidlegare tar det lang tid å utdanne spesiallegar. Men han seier dei no vil legge seg i selen for å marknadsføre seg betre.
Nedleggingstruga
Også i Eid og Lærdal slit ein med å få tak i nok spesiallegar. – Men vi har betre spesialistbemanning no enn på lang tid, seier sjeflege Ludvig Hval i Lærdal. Men også dei er framleis avhengige av vikarar. – Og signal frå Helse Vest om nedlegging gjer ikkje situasjonen betre, seier Hval.