Framleis lågt sjukefråvær i fylket

Sogn og Fjordane er framleis blant fylka i landet med lågast sjukefråvær, det viser ferske tal frå NAV. I andre kvartal av 2017 var det legemelde sjukefråværet i fylket på 4,7 prosent, som er likt med same periode i fjor. Samtidig har sjukefråværet på landsnivå auka med 2,5 prosent. – Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet, og eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråvær enn yngre. På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Tore Thorsnes, NAV-direktør
Foto: Magnus Gamlem/NRK