Framleis lågast i landet

Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent. Det syner tala for oktober, som NAV har lagt fram i dag. Ved årsskiftet slo NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland. I Vestland var arbeidsløysa i oktober på 2,0 prosent, som er ein nedgang på om lag 1190 personar samanlikna med oktober i fjor.

NAV-logo
Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK