Hopp til innhold

Framleis låg arbeidsløyse

Talet på arbeidsledige i Sogn og Fjordane auka litt siste månaden, men er godt under tala for februar i fjor.

Havyard Leirvik-arbeidarar

STØRST NEDGANG I HYLLESTAD: Stor aktivitet ved Havyard Leirvik gjer at Hyllestad er den kommunen som har størst nedgang i arbeidsløysa.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ved utgangen av februar var det 1073 personar heilt utan arbeid i fylket, det er 207 færre enn på same tid i 2011, men samstundes ein auke på 47 frå utgangen av januar.

Tore Thorsnes

VENTAR NEDLEGGINGAR: Direktør Tore Thorsnes i Nav Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Ventar tøffare tak

Men direktør Tore Thorsnes i Nav Sogn og Fjordane er budd på at det kan bli tøffare tak utover våren.

– Førebels har problema i internasjonal økonomi hatt liten negativ verknad på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane. Det er framleis industri og bygg og anlegg som er motoren i den positive utviklinga vi ser i forhold til fjoråret.

– Slik Nav vurderer det no vil dei største utfordringane framover våren vere knytt til varsla nedleggingar av einskildbedrifter, seier Thorsnes.

Størst nedgang i bygg og anlegg

Det er størst nedgang i talet på arbeidsledige innan bygg og anlegg.

Det er nedgang i arbeidsløysa i 19 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane samanlikna med for eitt år sidan, størst prosentvis nedgang er det i Hyllestad, Vik og Balestrand. Størst auke er det i Bremanger og Hornindal.

Også talet på permitterte er lågare enn i februar i fjor. Det er no 162 permitterte, 33 av dei er innan fiskeindustrien.

Men også her er det ein auke siste månaden, frå 127 ved utgangen av januar.