NRK Meny

Framleis kaos på fjellovergangane utover kvelden

Ei rekkje fjellovergangar i Sør-Norge er stengde. Bilistar blir oppmoda om å la bilen stå.

Kolonne på Hemsedalfjellet

HER, MEN IKKJE LENGER: Slik såg det ut i kolonnen over Hemsedalsfjellet onsdag føremiddag.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

På Hemsedalfjellet kan sola skine frå blå himmel, før den lunefulle vinden bles opp og snøfokket øydelegg for sikta. Der ventar Pål Svendsen i varebilen sin med bagasje som må over fjellet.

– Eg har venta i ein time og eit kvarter. Har ikkje høyrt noko om kor lenge eg må vente. Dette er ikkje bra. Eg håpte det skulle vere over til no, seier han.

Svendsen har ikkje førebudd seg på lang venting.

– Eg har kjøpt meg mat og kaffi. Det er det einaste, men med kaffi kjem ein langt.

To som prøvde seg over fjellet i går, men som måtte gi opp er Randi Skonseng og Anne Kari Ruud. Då måtte dei snu etter tre timar og overnatte i Hemsedal, men prøver på nytt i dag.

– Vi optimistiske. Det er berre ein bil framfor oss i køen, så då kjem vi oss med i kolonnen. Med oss har vi vatn og godt humør, seier Skonseng.

VENTAR PÅ KOLONNE

VATN OG GODT HUMØR: Anne Kari Ruud (t.v.) Randi Skonseng (t.h.) har ikkje førebudd seg på venting på fjellet, anna enn vatn og godt humør.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Her ser du status på fjellovergangane

Rv. 52 Hemsedalsfjellet og Ev. 16 over Filefjell er dei einaste delvis opne fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet no. Riksveg 7 over Hardangervidda blir ikkje opna att i dag.

– Nett no er fjellovergangane veldig prega av uvêret. E16 over Filefjell og rv. 52 Hemsedalsfjellet dei einaste moglegheitene til å kome seg over, men også der er det kolonnekøyring, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Hanne Norheim.

Ho ber dei som må over fjellet i dag om å rekne lenger tid enn vanleg, og oppmodar bilistar om å la bilen stå om dei kan.

– Dei må tenke på at det vil ta tid. Det er kolonnekøyring, ventetid og ruskevêr. Eventuelt vil eg tilrå dei å utsetje reisa med ein dag. Då er prognosane og vêrmeldingane betre, seier Norheim.

Slik er statusen på fjellovergangane i Sør-Norge:

  • Ev 16 Filefjell, kolonnekøyring
  • Rv 52 Hemsedal, kolonnekøyring
  • Ev 134 Haukelifjell, stengd
  • Rv 7 Hardangervidda, stengd, blir ikkje opna att i dag
  • Rv 9 Hovden–Haukeli, kolonnekøyring
  • Rv 13 Vikafjellet, stengd
  • Rv 15 Strynefjellet, stengd grunna fare for uver og ras. Blir ikkje opna att i dag
  • Fv 50 Hol–Aurland, stengd
  • Fv 53 Tyin–Årdal, stengd

Oppdaterte vegmeldingar finn du her heile døgnet

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.