Hopp til innhold

Framleis ingen spor etter Charlotte

Eit politihelikopter har i kveld søkt etter den sakna Charlotte Moene i fjellområdet mellom Øvre Årdal og Tyin.

Politihelikopter søker i Jotunheimen
Foto: Jan Erik Helleren / NRK

Leiteaksjonen er no avrunda for kvelden, men kjem til starta opp att klokka 0900 torsdag.

- Vi har ingen informasjon om kvar ho er, ingen informasjon om kvar ho har reist. Vi har ingen gode eller ingen sikre observasjonar. Vi leiter i blinde. Difor har vi teke ein liten pause for å vurdere kva vi gjer vidare, opplyste politibetjent Trond Akre til NRK i 16-tida onsdag. Søket er no i gang att i Årdal.

- Utelukkar ingenting

I løpet av dagen har kring 40 personar delteke i leiteaksjonen etter Charlotte Moene som har vore sakna sidan måndag. Politiet sa tidlegare i dag at dei trur 17-åringen kan ha gøymt seg vekk med vilje. Akre seier at dei held alle moglegheiter opne.

- Vi har ingen haldepunkt for kva som har skjedd. Vi trur og leitar ut i frå alle alternativ. Dette er eitt av dei, seier Akre som framleis ikkje vil utelukke at det kan ha skjedd noko kriminelt.

Leitemannskap søker etter 17 år gamle Charlotte Moene frå Øvre Årdal.
Foto: Porten.no / NRK

Tips frå Valdres

- Det kan vi ikkje utelukke, men det er ingenting som tyder på det, seier han. Politiet ser ikkje vekk i frå at Charlotte kan ha teke seg over fjellet til austlandet. I løpet av dei siste dagane har fleire meldt i frå om observasjonar av jenter som kan likne på den sakna. Mellom anna ved Sletterust i Tyin.

- No ikkje stadfesta at det er Charlotte, men det har vore eitt par observasjonar i dag av ei jente som kan vere henne. Dei vert forsøkt sjekka ut så godt vi kan, seier Akre. Det har også i dag kome inn tips om moglege observasjonar frå Valdres, på austlandet og sørlandet.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Ynskjer tips

Den sakna reiste frå heimen kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Foreldra melde henne sakna klokka 15.30 same dag.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.