Hopp til innhold

Statnett og grunneigarane i Myklebustdalen står framleis steilt mot kvarandre

Det er ingen som veit kva som skjer vidare med kraftlinja gjennom Myklebustdalen i Bremanger. Grunneigarane har klaga Namsmannen til Fjordane tingrett.

Myklebustdalen

IKKJE LØYSING I SIKTE: Arbeidet i Myklebustdalen har stått stille sidan juni. Grunneigarane nektar framleis Statnett tilgang til dalen.

Foto: NRK

– Statnett har heile vegen jobba for å få tilgang på desse eigedommane så raskt som råd. Vi håpar og trur at Fjordane tingrett vil få ei rask behandling, slik at vi får ei rask behandling, seier Martha Hagerup Nilson, kommunikasjonsansvarleg for Statnett i midt-Norge.

Arbeidet med linja gjennom Myklebustdalen står i stampe. Linja er ein del av Ørskog–Fardal og skal hindre ei kraftkrise i Midt-Norge.

Fram og tilbake

Statnett hadde starta opp arbeidet med linja, men etter klage frå grunneigarane vedtok Gulating lagmannsrett i juni at konsesjonsgrunnlaget for linja var basert på feil fakta, og at arbeidet Statnett hadde gjort var ulovleg.

olje og energiminister Tord Lien besøker Trysil

HELDT FAST PÅ VEDTAK: Olje- og energiminister Tord Lien heldt fast på at konsesjonsvedtaket frå 2011 var rett.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / Lars Erik Skrefsrud

Olje og energidepartementet heldt fast på at konsesjonsvedtaket frå 2011 var gyldig. Dermed skulle Namsmannen avgjere om Statnett kunne ta opp att arbeidet. Men det aksepterte ikkje grunneigarane og klaga til Fjordane tingrett.

Dermed er det opp til Fjordane tingrett å vurdere det, og om Statnett kan gå inn att i dalen.

Håpar på rask avklaring

Advokat for grunneigarane, Magne Revheim, trur avklaringa vil komme raskt.

– Det kan gå relativt raskt, kanskje ei veke eller to. Kanskje meir. Det er umogeleg å vite.

Fjordane tingrett har klagen til behandling, men førebels er ikkje saka fastsett. Partane hadde frist ved midnatt med å komme med merknadar til nokre av punkta i saka.

Revheim seier grunneigarane meiner saka allereie er avgjort i Gulating lagmannsrett, så dei trur tingretten vil komme til det same.

– Akkurat det same som sist, at vi får stadfesta frå tingretten at det er rettskraftig avgjort allereie av Gulating lagmannsrett.

–At Statnett ikkje får gå inn i Myklebustdalen?

Martha Hagerup Nilson

HÅPAR PÅ RASK AVKLARING: Martha Hagerup Nilson i Statnett seier ei rask avgjerd er viktig for å sikre forsyning av straum til Midt-Norge.

Foto: Statnett

– Ja og så lenge eit nytt vedtak eller ny situasjon krev det så er dette rettskraftig avgjort, meiner grunneigarane.

Viktig med rask avgjerd

Arbeidet med kraftlinja mellom Ørskog og Fardal hadde som mål å stå ferdig i 2016.

For å ikkje forsinke utbygginga ytterlegare hastar avgjerda frå tingretten, seier Hagerup Nilson i Statnett.

– Det er viktig for Statnett å få ei avklaring. Dette er viktig prosjekt for Sogn og Fjordane med tanke på å få fornybar kraft på nett i Sogn og Fjordane. Det er dessutan ei viktig sak for Midt-Norge med omsyn til forsyningstryggleik.