Hopp til innhold

Framleis ikkje nærare ei brannårsak

Politiet har førebels ikkje kome noko nærare ei brannårsak etter at det natt til i går brann i ein oppdrettsring ved Firda Sjøfarmer i Gulen.

Brann hos Firda Sjøfarmer

ØMMING: Ein av Firda Sjøfarmer sine oppdrettsringar stod i full fyr då tilsette kom på jobb onsdag morgon.

Foto: Carl-Erik Arnesen

– Per no veit vi veldig lite om årsaka, men vi forsøker etterforske det som har skjedd på best mogleg måte, seier Harald Arntzen, politibetjent ved Masfjorden, Gulen og Solund lensmannskontor.

Det var tilsette som kom på jobb onsdag morgon som oppdaga brannen ved oppdrettsanlegget.

– Det var full fyr då våre folk kom på jobb i dag. Då kollegaer vart ringt for assistanse så trudde desse at det var 1. april. For dette har vi verken høyrt om eller sett før, sa administrerande direktør ved Firda Sjøfarmen, Carl-Erik Arnesen til NRK.no i går.

Han ville då ikkje spekulere i brannårsaka, men viste til at det ikkje var så veldig mykje brennbart i ei merd på fjorden.

Nota i oppdrettsringen er sikra, men ein har førebels ikkje oversikt over kor mange fisk som har rømt. Det er venta at ein vil ha svar på dette i løpet av dei næraste dagane. Mattilsynet og Fylkesmannen si miljøavdeling er varsla om hendinga.

Politibetjent Harald Arntzen seier til NRK.no torsdag ettermiddag at politiet ikkje har haldepunkt for å tru at brannen kan ha vore påsett.

– Vi gjorde i går åstadsundersøkingar, så får vi sjå kva vi får ut av det, seier Arntzen.