NRK Meny
Normal

Har sperra av område - fryktar gassflasker skal eksplodere

Politiet har sperra av eit område på Lærdalsøyri fordi dei fryktar at fleire gassflasker som høyrer til ei entreprenørbedrift, skal eksplodere.

– Det er gassflasker i området so utgjer ein eksplosjonsfare, seier pressevakt ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NTB, Nils Erik Eggen.

Han seier situasjonen i det brannherja området ikkje er under kontroll.

– Avhengig av korleis ein tel, er mellom 15 og 30 bygningar heilt eller delvis øydelagde av brannen. I tillegg kan det vere eit ukjent tal småbygg, seier Eggen.

Vil ikkje ha sivile folk inn i området

Trass i iherdig innsats i over eit halvt døgn, har brannvesenet framleis ikkje full kontroll over den intense brannen som har herja Lærdal sentrum sidan seint laurdag kveld.

– Det er framleis ikkje kontroll på staden. Vi har sperra av området frå Esso og opp til tannklinikken, og det er ikkje ønskjeleg med sivile personar i det området, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet ber om at sivile personar respekterer at området berre er for dei som er profesjonelle hjelpemannskap.

– Det er framleis mykje røyk og fare for å bli røykskadd dersom ein er i området, seier Holme.

Brannen starta i eit bustadhus seint laurdag kveld, og spreidde seg raskt til fleire andre hus grunna kraftig vind. Helse Førde opplyser at 90 personar har vore og er til behandling for røykskadar, totalt har 300 personar vore innom Lærdal sjukehus for helsesjekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningshelikopter med oksygen

HJELP: Redningshelikopteret kom med oksygen til brannmannskapa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ikkje lenger problem med dronar

Politiet gjekk tidlegare ut for be folk kutte ut bruk av dronar, då dette forstyrra arbeidet til dei to helikoptera som hjelper til med sløkking i området.

Dronar er fjernstyrte, flygande objekt, som mange nyttar for å få teke bilete frå lufta.

I 11-tida opplyser politiet at det ikkje er dronar i lufta over Lærdal sentrum.

– Det er ikkje dronar i lufta no på dette tidspunktet, seier Holme.

Har store problem med kommunikasjonen

Alt av mobilnett og fasttelefonnett ligg nede, sidan dei 13 basestasjonane som Telenor har i området, er fullstendig utbrende.
Det skapar også utfordringar for både politi og redningsmannskap.

– Det er eit problem i forhold til kommunikasjon, men politisambandet er oppe og går, så vi har kontakt med politi på staden. Men det er ei utfordring i forhold til kommunikasjon med dei andre naudetatane, seier Holme.

Eit anna problem er også at folk som er råka av brannen, ikkje kan få kontakt med politiet, fordi alt av telefonsamband ligg nede.

– Politiet står ved tannklinikken, så der kan folk ta kontakt dersom dei treng hjelp til noko, seier Holme.

Ho har ikkje full oversikt over kor mange personar naudetatane har på staden.

– Det veit vi ikkje. Vi held no på med utskifting av mannskap, og det gjeld alle naudetatane, seier Holme.