Hopp til innhold

Bankane er nesten i normal drift igjen

IT-selskapet Evry opplyser seint fredag kveld at stormaskinfeilen no er løyst at dei fleste banktenester skal fungere som normalt.

Nettbanktrøbbel for fleire bankar

NEDE: Det er slike meldingar som møter dei som prøver å logga seg inn i nettbanken, men no er feilmeldinga vekk og ein får logga seg inn att.

Foto: Oddleif Løset / NRK

SISTE KL 22: Evry skriv i ei pressemelding at feilen er løyst. Dette betyr at tenester for Posten og Telenor fungerer som normalt. Det same gjeld for dei svenske kundane deira.

For bankkundane er nettbanken no tilgjengeleg. Når det gjeld mobilbank så fungerer denne også, men enkelte kundar kan framleis oppleve tregheiter i pålogging.

Når det gjelder kortbruken kan personar som har BankAxept/Visa og kredittkort bruke kortet i butikkane.

Dei opplyser vidar at dei jobbar med å gjøre dei siste banktenestene tilgjengelege så snart som mogeleg.

Geir Remman

Geir Remman, kommunikasjonsdirektør i Evry.

Foto: Evry

– Det ser lovande ut og fleire av systema til bankane har begynt å virke igjen, men vi vil ikkje gå ut å friskmelde det før vi er sikre på at alt er heilt i orden, seier kommunikasjonsdirektør i Evry, Geir Remman til NRK, klokka 18.45 fredag kveld.

IT-sjef Geir Grime i Sparebanken Sogn og Fjordane er meir positiv.

– No fungerer ting. Det er i ferd med å komme tilbake og vi heldt på å kvalitetssikre at ting fungerer. Heldigvis har Evry fått ting opp og gå att, seier Grime til NRK.

Også bankar som Sparebanken Vest og Skandiabanken har fjerna feilmeldinga som har lege på heimesida deira i heile dag om at dei har hatt tekniske problem.

Kontrabeskjed

Klokka 13 opplyste selskapet at systema var byrja å fungere som normalt att, men tre timar seinare kom kontrabeskjeden:

– Det tek lenger tid å rette feilen enn det vi hadde trudd. Vi gjorde ei retting som gav effekt, men vi hadde håpa på større effekt, seier kommunikasjonsdirektør i Evry, Geir Remman.

Litt før klokka 17 fredag ettermiddag opplyste han til NRK at det ikkje er noko endringar og problema er like store som dei har vore i heile dag. Han ville heller ikkje seie noko om kor tid banktenestene vil byrje å fungere som normalt igjen.

Pressemelding

Klokka 16.05 meldte Evry dette i ei pressemelding:

«EVRY jobbar med alle tilgjengelege ressursar saman med selskapets partnar IBM for å reetablere tenester i samband med feilen i selskapet si stormaskin.

Kundar opplever framleis at tenester ikkje er tilgjengelege. EVRY beklagar sterkt dei ulempene som dette medfører for kundane våre og brukarane deira.

Det er ein feil i ein sentral stormaskin-komponent som har forårsaka at fleire bankar er råka av driftsproblema. Feilen medfører at kundar ikkje fekk tilgang til nettbank, mobil og minibankar.

Personar som har BankAxept/Visa og kredittkort kan derimot bruke dette i butikkane i høve til gjeldande regelverk.

EVRY vil i etterkant av hendinga gå gjennom årsaksforholda nøye og vurdere kvafor tiltak som skal settast i verk for å hindre at ein slik feil skjer i igjen.

EVRY kjem med ny oppdatering klokka 18:00 eller så snart alle tenester er stadfesta i normal drift.»

Mange råka

Problema til dataselskapet har skapt problem for kundar i fleire store bankar ferdag. Konsekvensane er blant anna at kundane ikkje får brukt nettbanken og bankkorta sine som normalt. Også posten sine kundar er råka. Kundane til fleire storbankar, Posten Noreg, Telenor, svenske Green Cargo og Statens Jarnvegar er råka av feilen.

Berre hos Sparebanken Sogn og Fjordane er over 100.000 kundar og tilsette utan kontakt med bankkontoane sine. IT-sjef Geir Grime seier dei har tett kontakt med Evry, men at banken si viktigaste oppgåve no er å informere kundane. Difor har dei styrka beredskapen til hos kundeservice.

– Det er vanskeleg å love noko. Vi er i løpande dialog med Evry. Kanskje klarer dei å løyse problema i løpet av kvelden, men vi har ingen garantiar for at det skjer, seier Grime.