NRK Meny
Normal

Framleis gift i Sløvåg

Over 300.000 liter giftavfall frå det omstridde skipet "Probo Emu" skal framleis vere i Sløvåg.

I går plomberte politiet ein containar med giftprøvar ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen. Det stadfestar lensmann i Masfjorden, Ivar Holmås.

- Vi fekk opplyst at det er last frå Probo Emu og har fått tilgang til å ta prøvar, seier han. 

- Saka stinkar

Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet, er ikkje overraska over opplysningane. Han trur ein del av giftlasta frå "Probo Emu" gjekk i lufta under eksplosjonen den 24. mai. Han meiner likevel at dette skjer alt for seint.

- Det er det som er skandalen. Heile saka stinkar. Det er ei skammeleg sak, seier han.

Har avfall

"Probo Emu" er systerskipet til "Probo Koala" som lossa avfall i Elfenbeinskysten som tok livet av ti personar. Det har lenge vore spekulert i om avfallet frå "Probo Emu" kan ha forårsaka den enorme eksplosjonen ved Vest Tank den 24. mai i år.

No har altså verksemda stadfesta at det er avfall frå dette skipet i tankane i Sløvåg.

- Gjekk i lufta

Etter det NRK kjenner til er det tale om 310.000 liter giftig avfall med mellom anna olje- og bensinrestar i tankane. Oddekalv trur ikkje på opplysningane om at all lasta frå "Probo Emu" framleis er i ein av tankane i Sløvåg.

- Vi meiner framleis at delar av lasta gjekk i lufta. Dette er noko politiet må finne ut av på eiga hand. Verksemda har ikkje gjort anna enn å servere skrøne på skrøne, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser