- Vi går inn på ei kortsiktig kontrakt i første omgang, for å få tid til å omrømme oss, seier Urnes.
Ferjetilbodet over Lustrafjorden sto i fare fordi selskapet som driv ferja, H-trans, kravde ein million kroner ekstra i driftstilskot frå nyttår. Torodd Urnes seier kommunen ikkje vil skrive noko ny to-årskontrakt enno, men i første omgang inngå ein avtale som sikrar tilbodet til over sommaren neste år. Då er intensjonen at det skal forhandlast fram ei meir langsiktig løysing for ferjesambandet.
- Det er det som er målet, stadfestar Urnes
Folk som bur på sørsida av Lustrafjorden har engasjert seg sterkt etter at ferjetilbodet vart truga. No er dei letta over lovnadane frå ordføraren