Hopp til innhold

Framleis farleg, men vassdraga på veg ned

– Sakte men sikkert så rir vi stormen av, seier NVE sin regionsjef Brigt Samdal. Skadane er store i heile fylket.

Malin Sunde og Vidar Sunde

SOV I CAMPINGVOGNA: Straum og varme forsvann frå huset til Malin Sunde og Vidar Sunde. Då blei løysinga familien si campingvogn.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Alle elvar er på veg ned att. Oppe på Strynsvatn har det henge att lengst, men der ser det ut som at det har nådd sitt maksimale nivå. Så då er alle vassdraga etter kvart på veg ned, seier Samdal.

– Kor har det kome mest nedbør i løpet av natta?

– Dei indre områda, som vi òg hadde fokus på i går og gjennom av natta, Indre Sogn og Indre Nordfjord.

Varmen og straumen forsvann

Ekteparet Malin Gundersen Sunde og Vidar Sunde er blant dei som har fått huset skada. Dei måtte sove i campingvogna i natt, og vakna til ein øydelagd kjellar på Storesunde i Stryn.

– Det er heilt oversvømt, alt. 30 centimeter med vatn i heile kjellaren. To soverom, bad og vaskerom, seier Vidar Sunde.

Dei har ikkje straum og varme i huset lenger. Campingvogna var god å ha.

– Det var litt spesielt, men me fann ut at det kanskje var greitt å liggje der i natt. Ungane synest òg det var greitt, seier Malin Gundersen Sunde.

Eldste sonen tok til tårene i går då han såg at spelerommet blei øydelagt.

– Det steig utruleg fort. Når me kom heim var det så vidt det var litt vatn på grusen nede ved kjellaren, og berre på ei lita stund var det vatn i heile kjellaren.

– Korleis er det å sjå vassmengdene som kjem inn?

– Det er vanskeleg å skildre dette. Det er ikkje normalen dette. Det har vore opp til kjellarmuren, men ikkje som dette, seier ho.

Gjennomfører skadevurdering i løpet av dagen

NVE og kommunane sender ut mannskap i løpet av dagen. Dei skal gå over vassdraga og sjå kva skadar som har oppstått.

– Det er viktig å framleis ha respekt for dei vassmengdene som renner. Det kan vere mjuke og undergrava sidekantar som kan rase ut. Folk må ikkje gå for langt fram mot elvebredden utan å ha kontroll på kor ein går, seier Samdal.

Med så store vassmengder så oppstår erosjon og utgraving, spesielt i yttersvingar i elvene. NVE ventar no på at det skal bli lyst for å kunne sjå kva skadar det er snakk om.

Raud stripe markerer retur

Luster er blant stadene i fylket som er hardast ramma. Òg der er vassmengdene på veg ned.

– Ved Eidsvatnet like i Skjolden kan vi sjå ei raud stripe som politiet sette opp i går kveld. Og me kan sjå at vatnet er på retur, seier NRK sin reporter Odd Helge Brugrand på plass i Luster.

Menneska i Luster vaknar no opp for å vurdere skadane. Blant anna er det over 30 personar som ventar på å sjå korleis heimane deira ser ut i lyset.

Stengde vegar

I heile fylket er det framleis mange stengde vegar på grunn av flaum sjølv om situasjonen er betre enn i går:

  • Fylkesveg 53 Kolnostunnelen - Finnsåstunnelen, på strekninga Fodnes - Årdal. Stengt på grunn av steinras. Ny vurdering klokka 11.
  • Riksveg 15 Strynefjellet, stengt ved Nordberg i Skjåk på grunn av flaum.
  • Fylkesveg 55 Sognefjellet, på grunn av flaum
  • Fylkesveg 331 Sørheim - Loi, på strekninga Urnes - Skjolden i Luster. Stengt på grunn av jordras og fare for ras.
  • Fylkesveg 332 Ormeli, på strekninga Fortun - Bjørk i Luster. Stengt på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fylkesveg 333, Skjolden - Mørkrid i Luster. Stengt på grunn av flaum.
  • Fylkesveg 609 Heilevang, på strekninga Askvoll - Førde. Stengt på grunn av jordras og fare for ras.
  • Fylkesveg 610 Hestad, på strekninga Osen bru - Eldalsosen. Stengt på grunn av flaum. Køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn kan køyre via Fv421.