Framleis brannfare
– Folk må framleis vere varsame med open eld i naturen. Det seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø. Terrenget i fylket har mange stadar vore veldig tørt siste tida, noko som har ført til fleire gras- og skogbrannar. Mellom anna i Vågsøy i går. – Sjølv om det er meldt regn dei neste dagane, er det truleg ikkje nok til å avblåse brannfaren heilt, seier Holvik.