Heddda Karterudseter
Hassan Samryie Hashin rømde frå Sogndal same dag som Hedda Karterudseter vart funnen drepen, og vart seinare pågripen i Nederland.
Herman Hoff seier politiet må vente til han har gått gjennom papira, og at det kan ta litt tid. Deretter vil han gå gjennom saka med klienten sin.
- Fyrst når det er gjort, vil vi ta standpunkt til om det blir fleire avhøyr, seier Hoff.
Ingen avhøyr
Det har vore full stopp i avhøyra av Hassan Samryie Hashin i fleire veker. Hoff meinte politiet heldt tilbake dokumentasjon han trengte og nekta dermed å vera med på fleire avhøyr. Og utan forsvararen til stades ville ikkje Hashin stilla opp - men no har altså Hoff fått det han etterlyste.
- Det dreier seg om vitneavhøyr og tekniske rapportar av forskjellig karakter, fortel forsvararen.
Stillstand
Etterforskinga skal ha stått bom stille sidan avhøyra av Hashin vart avslutta. Hoff er framleis i tvil om politiet rekk å få ein tiltale klar tidsnok til at ei rettssak kan ta til 25. april slik planen er - men politiadvokat Knut Broberg meiner dei har situasjonen under kontroll.
- Vi har lagt ein plan, og så langt er det ingen ting som tyder på at vi ikkje skal fullføre den. Vi ønskjer fleire avhøyr, men det er opp til den sikta om han vil forklare seg, seier Broberg.