Hopp til innhold

Framleis alvorleg skadd etter utforkøyring

Ein mann i slutten av førtiåra har no status som alvorleg skadd etter ei utforkøyring i Hornindal fredag kveld.

Trafikkulukke Hornindal

TIL SJUKEHUS: Føraren av bilen vart sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter ulukka. Bilen vart totalvrak.

Foto: Terje Engås / Sunnmørsposten

Fram til søndag har mannen sin tilstand blitt omtala som kritisk skadd, no har Haukeland universitetssjukehus endra dette til alvorleg skadd.

Alle naudetatane og luftambulansen rykte ut til ulukka som skjedde vest for Kjøs bru i Hornindal. Nærare bestemt i 80-sona ved Skåpavika, like ved kommunegrensa til Eid.

Gjorde to hopp

Politiet gjennomførde i dag dei siste målingane på ulukkesstaden. Det var ingen vitne til sjølve ulukka.

Politibetjent Franck Bekkeli seier spor på staden kan tyda på at bilen hadde høg fart. Bilføraren er så langt ikkje avhøyrd av politiet.

– Bilen klarte ikkje svingen, men køyrde rett ut i grøfta. Den har så gjort to hopp, der den har vore i lufta nærare 20 meter i slengen, seier Bekkeli og legg til at politiet framleis etterforskar ulukka.

Også Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden og gjort ei rekkje oppmålingar.