Hopp til innhold

Framlegg trugar avisfloraen

Den blå-blå Solberg-regjeringa vil kutte 26 millionar kroner i pressestøtte til norske aviser. – Det er alvorleg, seier Bengt Flaten i Sogn og Fjordane avisforeining.

Bengt Flaten

FRYKTAR: Bengt Flaten i Sogn og Fjordane Avisforeining fryktar følgjene av at regjeringa vil redusere pressestøtta med 26 millionar kroner.

Foto: Fotomontasje: NRK/Guri Haram (Fjordingen)

Vel 40 norske aviser vil bli råka når den nye regjeringa fjernar pressestøtta til norske aviser.

Media-Norge er inne i ei brytningstid, med overgang frå papir til digital. Bengt Flaten i Sogn og Fjordane Avisforeining meiner reduksjonen er ugunstig.

– Ein slit meir og meir økonomisk. Opplagstala på papir går nedover og det er vanskeleg å hente inntekter på dei digitale plattformer frå både lesarar og annonsørar, seier han.

– Lokalavisene er viktige

Flaten fryktar kutta kan gå utover mediemangfaldet i Sogn og Fjordane. Fylket har mange små lokalaviser, som han meiner er veldig viktig for lokaldemokratiet.

– Mange aviser er arena både for lokalpolitikk og folk si meiningsytring. Det er det viktig å halde på, meiner han.

– Det er lokalavisene som er opptekne av folk sin kvardag der dei bur. Difor er det også viktig å ha økonomiske verkemiddel som gjer det mogleg å halde oppe avisfloraen som vi har, legg Flaten til.

Tek mindre sjansar

Redaktøren i Fjordingen får også støtte hos journalist og tidlegare NJ-leiar Sven Egil Omdal.

Han har skrive ein rapport som fortel om nedslåande følgjer for den kritiske journalistikken i grisgrendte strok om småavisene forsvinn.

– Undersøkande journalistikk krev ressursar. Ein jobbar over lang tid, og det er uvisst om ein får resultat. Dess svakare økonomien er i avisa, jo mindre er sjansen for at dei vågar seg på slike prosjekt, seier Omdal.

Får mindre tid

I det heile er Omdal uroa for kvaliteten på produkta. Omdal har teke i bruk ordet «kvernelastikk» for å synleggjere det som kan skje.

Avisa skal framleis fyllast og nettavisa skal leve sjølv om journalistane blir færre. For det er berre ein stad avisene kan hente inn att pengane – på journalistlønningane.

– Dette vil påverke det daglege. Både med tanke på å kunne ta telefonen til den ekstra kjelda, å kontrollere fakta og å gå på det ekstra møtet for å få ei sak. Heile den journalistiske kvardagen blir svekka når økonomien blir forringa og ein tek vekk ei halv stilling frå ein avisredaksjon på to-tre journalistar, legg han til.

Desse blir råka

Bengt Flaten trur ikkje reduksjonen vil vere avgjerande for dei fleste aviser, men vedgår at den vil gje redaksjonane mindre armslag i overgangen til digitale plattformer.

Omdal tykkjer det er eit underleg grep all den tid regjeringa seier at dei vil stimulere til denne overgangen. Han ser ikkje føre seg at små lokalaviser kan bli reine nettaviser. Omdal føre seg at tre typar aviser vil bli sterkast råka:

– Det blir ein del av dei små lokalavisene, ein del «nummer to»-aviser i store byar og viktige nisjeaviser i Oslo. Slik som Dagsavisen, Nationen og Klassekampen, seier han.

Vesentleg for debatten

– Og dette er aviser som spelar ei vesentleg rolle for den norske debatten. For mange lokalsamfunn er lokalaviser ekstremt viktig lim for lokalsamfunnet. Eg tykkjer det er underleg at Høgre vil risikere å underminere noko som er så viktig for nasjonaldebatten og samfunnet, seier han og legg til.

– Og då snakkar vi om eit land som vurderer å nytte 22 milliardar kroner på 14 dagars OL og set store delar av norsk presse på spel for 26 millionar.

– Fryktar du at det vil skje?

– Vi veit at Venstre og KrF i utgangspunktet er mot dette, men så spørst det om dei har vilje og musklar til å ta striden. Det er andre ting i budsjettet som kanskje betyr meir for dei.