Hopp til innhold

Frakteskip med ni personar dreiv mot land

Eit frakteskip med ni personar kom fredag kveld i drift utanfor Sognefjorden.

Nordvåg fekk hjelp

FEKK HJELP: Redningsskøyta Halfdan Grieg låg bak og bremsa og styrte slepet av færiske Nordvåg.

Foto: Redningsselskapet

Det 90 meter lange frakteskipet var på veg nordover til Måløy frå Sunnhordland då det fekk problem like nord for Krakhellesundet.

No ligg det til kai ved Lutelandet for å få reparert motoren.

– Vi gjekk frå Florø klokka 20. Den første meldinga var nok meir dramatisk enn det eigentleg var, seier skipper om bord på redningsskøyta Halfdan Grieg, Geir Antonsen.

Meldinga gjekk ut på at skipet dreiv mot land. Då redningsskøyta kom fram til frakteskipet like over klokka 21, var havaristen allereie teken i slep av nordgåande «Polfoss». Også dette skipet var på veg nordover.

Halfdan Grieg vart liggande bak og bremsa og styrte slepet. Havaristen vart lagt til kai ved Lutelandet like over klokka 23.

– Det var ikkje noko dramatikk i dette, seier Antonsen.