Hopp til innhold

Fraktebåt har gått på grunn

Ein fraktebåt har gått på grunn ved Sumarsøyna i Ytre Solund.

Selvaagsund
Foto: Redningsselskapet

– Båten tek inn vatn i to ballasttankar, men situasjon under kontroll, seier Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Hovudredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 03.20 i natt. Fraktebåten «Selvaagsund» er eigd av reiarlaget Berge, som har base på Hitra. Lastebåten er lasta med grus, og har eit mannskap på åtte.

– Det har gått svært bra med dei som er om bord, det er ikkje meldt om skadar, seier Mannsåker.

Fraktebåt på grunn i Solund

BÅT PÅ GRUNN: Ein norsk fraktebåt gjekk like før klokka halv fire i natt på grunn i Solund.

Foto: NRK.no-tipsar

– Veit du no noko om årsaka til at båten gjekk på grunn?

– Nei, det er ukjent.

Skulle til Tyskland

– Båten var på veg frå Florø til Tyskland med grus då den grunnstøytte ved Sumarsøyna i Solund klokka 02.54, seier reiar Magne Berge.

Båten står solid på grunn, men det er førebels uklart kor store skadar båten har fått i samband med grunnstøytinga. Det er forholdsvis bra vêr i området, og det er førebels ikkje fare for lekkasjar.

Fraktebåt på grunn

VIDEO: Båten står solid på grunn, men det er førebels uklart kor store skadar båten har fått i samband med grunnstøytinga.

Dykkarar skal vurdere skaden

– Akkurat no jobbar dei saman med redningsskøyta «K G Jebsen». Det er i ferd med å flø, og då får ein sett litt nærare på skaden, og om det er råd å flytte båten, seier Mannsåker.

I reiarlaget reknar Berge med at båten må på verkstad, når dei får den laus.

– I løpet av føremiddagen vil vi ha ned dykkarar for å kor store skadar båten har fått i samanstøyten, seier Berge.

Klokka 08.15 opplyser Redningsselskapet til NRK at også Kystvakta er på veg for å delta i bergingsarbeidet.

Ytre Sula