Hopp til innhold

Fraktar skuleelevane forbi rasvegen i båt

For å få elevane på skulen set Hyen skule opp skyssbåt forbi rasstrekninga på fylkesveg 615 ved Hyen. – Ein uhaldbar situasjon, seier rektor.

ras

FLEIRE RAS: Her er eit av rasa som gjekk på fylkesveg 615 mellom Hyen og Hope i førre veke. Totalt har det gått tre ras dei siste dagane.

Foto: Alf Erik Røyrvik

– Det er stor usikkerheit blant både foreldre og barna. Derfor gjer vi dette, seier Vigdis Henden som er rektor på Hyen skule.

I førre veke rasa det to gonger på same stad langs fylkesveg 615 og vegen vart stengd. 18 elevar og tre lærarar kom seg ikkje på skulen på grunn av vegstenginga. Frykta både ny vegstenging og nye ras gjer at skulen tar grep.

Føler seg utrygge

Denne helga har vegen vore stengd frå fredag kveld til søndag morgon på grunn av faren for nye ras. Medan vegen var stengd skal endå ei steinblokk ha rasa ut i vegen, skriv Firda.

– Eg føler at vi er på lik linje med ungane og foreldra. Vi kjenner oss utrygge. Vi føler at dette ikkje er ein haldbar situasjon. Vi skal ikkje gå rundt å vera nervøse for at ungane skal kome seg trygt på skulen, seier Henden.

I morgon tidleg vil elevane bli plukka opp ved Hope og frakta med båt over Hopsvatnet. Vegstrekninga tok andreplassen i NRK si uoffisielle kåring av «Noregs verste veg» i vinter og fleire som pendlar langs vegen har sagt at dei er redde for å ferdast der.

Vil opp på prioriteringslista

Innbyggjarane og lokalpolitikarane etterlyser rassikringstiltak langs vegen, men det er andre vegstrekningar som ligg høgare oppe på prioriteringslista enn fylkesveg 615.

– Vi kjem til å vurdere denne strekninga saman med Statens vegvesen for å finne tiltak på kort sikt, for det er eit stykke fram før vi får til ei permanent løysing, sa fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, tidlegare i veka.

Varaordførar i Gloppen kommune, Magni Aa Berge (Sp), bur sjølv i Hyen og er godt kjend med utfordringane vegen har.

– Fjellet der har alltid vore skummelt, men no ser vi konsekvensane når det kjem store nedbørsmengder. Det er eit veldig ustabilt parti og det er skummelt både for barn og vaksne som må bruke ein slik skuleveg, seier ho.

Og legg til:

– Vi vil jobbe vidare inn mot myndigheitene for å få til ei løysing. Det er viktigare å sikra dei vegane som alt er bygde enn å bygga nye, seier ho.

Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og leiar i den Nasjonale rassikringsgruppa der ni av fylka i landet er medlemmer. Ho sa tidlegare i veka at det vil koste over 50 milliardar kroner å sikra alle rasutsette vegar i landet.

ras 2