NRK Meny
Normal

Fraktar 600 liter mjølk på gamlemåten

Då mjølkebøndene i Undredal stod heilt utan samband med omverda, fekk dei hjelp av arbeidskarane som tok vegen deira.

Undredal

FULL MOBILISERING: Både bøndene sjølve og arbeidarane må hjelpe til når 600 liter mjølk skal fram.

Foto: Anna Karine Marstein

Då flaumen i haust reiv vekk vegen som knytte saman mjølka og ysteriet – folket i Undredal og omverda – tok det berre tre veker før ei mellombels bru var på plass.

Men denne veka skal brua erstattast, og bygdefolket er igjen isolerte frå resten av samfunnet.

– Då flaumen kom, hadde vi avslutta produksjonen for sesongen. Men no er vi i full gang, så denne gongen var det eit større problem. Vi skal levere 600 liter mjølk på ysteriet kvar dag. Ho må fram, veg eller ikkje veg, seier Anna Karine Marstein bestemt.

Vegen til Undredal teken av flaumen i oktober 2014

VEKKE: Slik såg det ut etter at flaumen tok vegen. Ei bru blei sett opp, men no er der vekke fordi vegen skal reparerast.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Full mobilisering og mykje humør

I Undredal finst tre gardar med til saman 220 geiter. Slikt blir det ein del mjølk ut av. Når 600 liter skal over må ein vurdere dei fleste alternativ.

– Ein av våre kreative folk foreslo at den enorme krana som skal fjerne brua kan ta heile tilhengaren med mjølketanken i eitt einaste jafs, berre «pfuuuu». Over, ferdig med det, ler Marstein.

Men det likte ikkje anleggsarbeidarane som bestemte.

– Krana var visst ikkje sertifisert for mjølketankar, seier Marstein.

Det var då dei bestemte seg for å gå tilbake måten bønder gjorde det før maskiner gjorde kvardagen lettare.

– Vi hadde all mjølka i mjølkespann som i gamle dagar. Då vart det full mobilisering. Vegvesen-karane stilte opp klokka 9, med mykje humør. Det var berre smil å sjå, og eg trur dei storkoste seg!

Her ser du bilete frå Undredal under flaumen:

Må halde fram på gamlemåten

Det er ikkje berre bøndene som har måtta kome seg frå A til B på alternative måtar. Skuleungane, og andre som må fram og tilbake, vert sende i veg med RIB-båt.

– Dei blir fullt ustyrte med overlevingsdrakter, vestar, briller, huer og vottar. Dei fekk seg nok ein fin tur over fjorden i dag, seier Marstein.

Brua har vore stengd sidan måndag. Planen er opning på fredag klokka 12, men bøndene er budde på at det kan bli nokre dagar med mjølkelevering på gamlemåten.

– Vi må bere i dag og i morgon, i alle fall. Så får vi sjå. På fredag håpar vi å kunne køyre, seier Marstein.

– Og vegarbeidarane er med?

– Det satsar vi på! Sjølvsagt. Våre nye gode vener, ler ho.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.