NRK Meny
Normal

Slik kjem lauskøyrarane seg til puddersnøen

SOGNDAL (NRK): Laussnøekspressen har dei siste åra køyrt opp og ned Sogndalsdalen for å plukke opp skikøyrarar som helst køyrer utanfor løypene.

Laussnøekspressen fraktar frikøyrarar i Sogndalsdalen.

I ei busslomme i Sogndalsdalen står turkledde folk og ventar. Ski, snowboard og stavar står lent opp mot høge brøytekantar. Fredrik Johannesen og Nora Samuelsen er blant dei som ventar. Dei tykkjer laussnøekspressen er eit godt tilbod for frikøyrarane.

– Det er lett tilgjengelig. Du køyrer ned, går på bussen, tar den opp til skiheisen og så er du klar for ein ny tur. Det går kjapt, slik rekk du mange turar i løpet av ein dag, seier Fredrik Johannesen.

Nora Samuelsen og Fredrik Johannesen

Nora Samuelsen og Fredrik Johannesen ventar på Laussnøekspressen.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Eit godt tilbod for frikøyrarane

Laussnøekspressen plukkar opp frikøyrarar frå fleire busslommer langs riksveg 5 i Sogndalssdalen. Derfrå går turen opp til Sogndal skisenter. Frikøyrarane tek skiheisen til toppen og renner ned igjen til vegen utanfor dei preparerte løypene.

Dagleg leiar for Sogndal skisenter, Cecilie Grendahl, seier at Laussnøekspressen er viktig både for skisenteret og Fjellsportfestivalen.

Dagleg leiar for Sogndal skisenter, Cecilie Grendahl

Dagleg leiar for Sogndal skisenter, Cecilie Grendahl

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Den lokkar til seg folk som ynskjer å nytte heile fjellet, inkludert Hodlekveskogen, ikkje berre dei preparerte løypene.

– Tilbodet er so viktig at vi har valt å vidareføre satsinga sjølv etter at stønaden frå Fylkeskommunen tok slutt i fjor.

Tidlegare måtte frikøyrarane kome seg frå vegen og opp til skisenteret på eiga hand. Dette førte til ei rekke farlege situasjonar.

– Tidlegare måtte folk gå langs vegen og fleire parkerte i vegkanten. Det var farleg, seier Nora Samuelsen.

– Hadde det ikkje vore for Laussnøekpressen måtte vi ha organisert køyring opp til skiheisen på eiga hand, så dette er eit godt tilbod for oss, legg Fredrik Johannesen til.

Samarbeid mellom Fjellsportfestivalen og Vegvesenet

Kenneth Nondal

Bussjåfør Kenneth Nondal er godt nøgd med dei nye busslommene.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Nytt i år er at Sogndal skisenter i samarbeid med Statens vegvesen har laga fleire nye busslommer langs riksveg 5 som berre vert nytta av Laussnøekspressen. Dermed slepp frikøyrarane å gå langs vegen for å kome med bussen.

Bussjåfør Kenneth Nondal er glad for dette, då mange frikøyrar tidlegare sto langs heile vegstrekninga og venta på bussen.

– Dette skapte farlege situasjonar, seier han.

Det er lett tilgjengelig. Du køyrer ned, går på bussen, tar den opp til skiheisen og så er du klar for ein ny tur. Det går kjapt, slik rekker du mange turar i løpet av ein dag

Fredrik Johannesen

Til vanleg går Laussnøekspressen berre i helgane, men under Fjellsportfestivalen har den gått kvar dag. Det varierer kor mange som nyttar Lassnøekspressen, men på fine dagar kan Kenneth ha det travelt.

– Eg har hatt opp mot 230 passasjerar på ein dag, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser