Hopp til innhold

Frakta vekk frå russefest i ambulanse

Russefeiringa er i full gang, og det merkast også på politiet sin logg over natta sine hendingar. I Førde måtte politiet fleire gonger rykke ut til ein russefest i sentrum.

Russebilar på Festplassen i Førde

KNUST GLAS: Fleire knuste flasker er synleg bevis på festlegheitene som har vore på Festplassen i Førde natt til Kristi Himmelfartsdag.

Foto: NRK

Onsdag kveld rykte politiet i Førde ut til fleire adresser etter melding om festbråk.

Utover natta fekk dei fleire oppdrag i sentrum, der ein del russ hadde samla seg til fest og moro på Festplassen.

Overstadig rusa

Politiet melder på Twitter at dei like etter midnatt fekk melding om ein overstadig rusa mann på staden. Då politiet dukka opp kvikna vedkommande til.

Knappe 40 minutt seinare kom politiet over ein overstadig gut i slutten av tenåra. Den unge mannen vart henta med ambulanse.

I løpet av natta kom det også inn melding om skadeverk på ein bil som stod på parkeringsplassen like ved Festplassen.

– Det var ein del russ samla i Førde, så fører det til litt meir ordensuro enn ei vanleg natt til torsdag, seier operasjonsleiar Inge Værøy om dei loggførte hendingane i Førde. Han seier samtidig at det ikkje har vore alvorlege hendingar i samband med festen.

Slo til dørvakt

Også andre stader i fylket har politiet hatt sitt å rutte med natt til Kristi Himmelfartsdag. I Høyanger fekk politiet klokka 00.34 melding om feststøy i ein privatbustad. Politiet tok kontakt med festdeltakarane som vart bedne om å avslutte festen.

I Stryn fekk politiet i 01.40-tida melding om at ein gjest hadde blitt hissig på ein serveringsstad. Då vedkommande vart nekta inngang fordi vakta meinte vedkommande var for full, svara gjesten med å slå til vakta.

I 03-tida var det igjen politiet i Førde som måtte hive seg i bilen. Denne gongen etter melding om ein overstadig rusa mann i 20-åra i eit byggefelt. Vedkommande vart til slutt henta med ambulanse.