Hopp til innhold

Frakta 26 passasjerar med altfor lite kviletid

Sjåføren vart stogga med så alvorlege brot på køyre- og kviletidsreglane, at han no må kvile i 69 timar før han får køyre vidare.

Buss stogga i kontroll i Førde

MÅTTE BYTE BUSS: 26 utanlandske turistar måtte byte buss i Førde, då sjåføren deira synte seg å ha kvilt altfor lite.

Foto: Statens vegvesen

Den litauiske bussjåfør var tydeleg nervøs då han vart stogga i ein tungbilkontroll på E39 i Førde.

– Han kunne bere preg av at han hadde ei dårleg sak. Det merka vi ganske fort, for han var uroleg og nervøs. Så han visste nok at han ikkje hadde alt på stell, seier inspektør i Statens vegvesen, Geir Leon Hetle.

Vart ikkje politimeld

Den mannlege sjåføren skulle hatt ei kvile på 69 timar for fire døgn sidan.

– Det var ikkje så grovt at det vart ei politimelding på det. Han hadde hatt kvile, men ikkje tilstrekkeleg. Med tanke på trafikktryggleiken skal vi ha utkvilte sjåførar på vegane, så då vart han pålagd å ta den kvilen no, seier Hetle.

26 utanlandske passasjerar var i bussen. Bussen kom frå Oslo og skulle oppover til Nordfjord og vidare, ifølgje inspektøren. I Førde måtte dei byte buss.

– Under kontrollen tok guiden seg godt av passasjerane. Dei fekk seg litt mat, og så kom det ein turbuss frå Firda Billag som køyrde passasjerane vidare.

Ikkje første gong

Ifølgje Hetle er det ikkje uvanleg at sjåførar av turbussar blir tekne i kontrollar.

– Vi er kjend med at det er ein pressa konkurranse på turbilmarknaden. Og erfaringsmessig veit vi at det er ein del brot på køyre- og kviletidsreglane på busstransport, seier han.

Han fortel at det er spesielle unntak for turbussar som gjer at dei kan køyre litt fleire samanhengande døgn.

– Men det er knytt bestemte vilkår til det, og dei var ikkje oppfylt her.