Talet på passasjerar passerte 1,5 millionar, ein auke på 8,4 prosent. Ein del av årsaka til auken er den ekstraordinære situasjonen etter flaumen i Utvik 24. juli. Då vart vegen over Utvikfjellet stengd, og trafikken derifrå vart dirigert om ferjesambandet Anda-Lote.
Det gjorde at Anda-Lote nesten vart det mest trafikkerte sambandet i Sogn og Fjordane i juli, så vidt slått av Mannheller-Fodnes (sjå faktaboks).
Men også utan denne ekstratrafikken var det ein bra auke. Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier at det var venta ein viss auke.
– Det var venta auka turisttrafikk i Norge denne sommaren, og det ser vi utslag av. Vi ser det særleg på Mannheller-Fodnes. Der er kapasiteten heilt på grensa i sommarmånadene. I juli hadde vi 12.000 attståande bilar der.
Trafikk til og frå Landsskyttarstemnet
Det ferjeselskapa kallar attståande bilar er bilar som må stå over ein eller fleire avgangar. På Mannheller-Fodnes var det to dagar då det var særleg lang ventetid. Det var trafikk til Landsskyttarstemnet i Førde torsdag 27. juli (1549 bilar) og frå Landsskyttarstemnet fredag 4. august (1912 bilar).
Eit unnatak frå den generelle trafikkauken er sambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes, der trafikken særleg i juli gjekk kraftig ned. Kristoffersen er usikker på årsaka.
– Vi har ikkje gått i djupna på det. Men det kan vere interne forflyttingar i området, at folk vel Mannheller-Fodnes i staden for Hella-Vangsnes.