Hopp til innhold

«Korkje evne eller vilje til å drive næringsverksemd innanfor lova sine rammer»

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel i 90 dagar for brot på bokføringslova, meirverdiavgiftslova, likningslova og skattebetalingslova.

Norges lover

FENGSEL I 90 DAGAR: Mannen er for tredje gong dømd for brot på fleire lover.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

I tillegg må han betale 30.000 kroner i bot, og han blir frådømt retten til å drive næringsverksemd i tre år.

Mannen har drive eit firma med seg sjølv som einaste tilsett. Frå firmaet vart stifta i november 2011 til det vart opna konkurs i desember 2013 vart det ikkje ført rekneskap. Omsetninga desse to åra var vel ein million kroner.

Han sende ikkje inn omsetningsoppgåver, han sende heller ikkje inn oppgåver til skatteoppkrevjaren over arbeidsgjevaravgift, han leverte ikkje sjølvmelding, løns- og trekkoppgåver, og han trekte ikkje forskotsskatt.

Påtalemakta meiner at Staten er påført eit tap på mellom 300.000 og 400.000 kroner på grunn av lovbrota til mannen.

Dømd to gonger tidlegare

I skjerpande retning tel det at mannen to gonger tidlegare er dømd for liknande forhold, då vart han dømd til 30 og 45 dagars fengsel.

I formildande retning tel det at mannen har tilstått utan atterhald.

Fjordane tingrett skriv at «han verkar med dette å ha korkje evne eller vilje til å drive næringsverksemd innanfor lova sine rammer». Retten har difor kome til at han ikkje skal ha lov til å drive næringsverksemd i tre år.