Hopp til innhold

Fosterheimsborn får ikkje hjelpa dei treng

Nær halvparten av barn som bur i fosterheim i fylket får ikkje den oppfølginga dei skal ha. – Dette er rett og slett ikkje godt nok, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Barnevern

FÅR IKKJE HJELP: Stor auke i saker og mangel på ressursar har sett barnevernet i fylket i ein pressa situasjon.

Foto: www.colorbox.com

Første halvår 2014 vart ikkje noko godt halvår for barnevernstenesta i fylket.

Tal kommunane har rapportert inn til fylkesmannen fortel om auke i saker, fristbrot, manglande oppfølging, hol i planane og få ressursar.

– Det å ikkje følgje opp slike reglar går på truverdet laust, seier Jørund Tvedt, einingsleiar for inntak og oppfølging Sogn og Fjordane Bufetat.

Store manglar

Fylkesmann Anne Karin Hamre

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre meiner at nok er nok.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fleire år på rad har kommunar i fylket hatt fristbrot i barnevernssaker, manglande oppfølging av fosterheimsborn og manglande tiltaksplanar i fleire saker.

Det siste halvåret viser at:

  • 106 av 738 born med hjelpetiltak ikkje har tiltaksplan. Dette utgjer kring 14,3 prosent.
  • 75 av 173 born plassert i ein fosterheim ikkje fekk nok tilsynsbesøk. Det utgjer kring 50 prosent av borna under 18 år.
  • 53 av 213 born i fosterheim fekk ikkje nok oppfølgingsbesøk. Det utgjer kring 25 prosent.

Fylkesmann Anne Karin Hamre er klar på at kommunane må levere.

– Barnevernet i fylket er i ein ressursskvis. Det er fleire saker no, dei blir meir komplekse, men det er veldig viktig at desse borna får hjelp og får hjelp så tidleg som mogleg. Då kan ein hindre mange skader seinare, seier ho.

– Må bli betre

Det er Fylkesmannen som har tilsynsansvaret når kommunane ikkje leverer tenestene sine. Trass i at det har vore ein nedgang i talet på fristbrot i barnevernstenesta i kommunane, har likevel ni av kommunane framleis problem med å halde klare tidsfristar.

Fylkesmannen har hatt fleire alvorleg tilsyn i kommunar, men Hamre kan ikkje gi eit godt svar på kvifor kommunane ikkje klarer å levere.

– Spørsmålet er om det er kompetanse eller ressursar det handlar om. Dette må bli betre, seier ho.

Fryktar for rettsvernet

Jørund Tvedt

BUFETAT: Rettsvernet til desse borna vert truga når dei ikkje får dei tilsynsbesøka dei har rett på, meiner Jørund Tvedt – Einingsleiar for inntak og oppfølging Sogn og Fjordane–Bufetat, det statlege barnevernet som yter hjelp i dei tyngste sakene.

Foto: Privat

Kvart år aukar talet på barn som treng ein fosterheim med ti prosent. Dette er born som ikkje lenger kan bu heime av ulike grunnar og som har rett på ein eigen vaksenperson, ein tilsynsførar, som blir deira talsperson i saka.

Skriftleg dokumentasjon av møta, informasjon som kjem og korleis barnet har det er viktige dokument.

Bufetat, det statlege barnevernet, yter hjelp i dei tyngste sakene. Einingsleiar Tvedt fryktar for rettsvernet til born som ikkje får tilsynsbesøka dei har rett på.

– Her krevst det meir innsats, og meir systematisk innsats, seier Tvedt.

Slit med tilliten til vaksne

Einingsleiaren seier born som blir tekne ut av heimen sin ofte slit med å ha tillit til vaksne. At det er finst alvorlege fristbrot og manglande planar gjer situasjonen verre, både for borna og dei som skal hjelpe.

– Mange born i barnevernet slit med tilliten til vaksenverda. Noko av grunnlaget for det, er at dei har erfaring med at vaksne ikkje alltid er til å stole på. Slik sett er det alvorleg for systemet at tala viser at vi ikkje heilt følgjer opp reglane som vi veit gjelder, seier han.

– Er barnevernet i kommunane til å stole på?

– Det er i alle fall ikkje tvil om at det er forbetringsområde.

KS-leiaren reagerer

Jenny Følling

KS-LEIAR: Jenny Følling er uroa over framtida til barnevernet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når barnevernet er kopla inn i ein familie, vert ei rekkje offentlege instansar kopla på. KS-leiar i fylket, Jenny Følling, seier dette kostar mykje pengar.

Ho reagerer på tala kommunane har rapportert inn.

– Det kan ikkje vere slik. Dette må vi ta på alvor. Vi må ha meir pengar inn til barnevernet, seier ho og meiner det er fleire store utfordringar i vente.

For når det statlege barnevernet, Bufetat, skal kutte millionar av kroner, vert tilboda dei har hatt, lagt over på kommunane.

– Veldig pressa barnevern

At kommunane allereie no ikkje klarer å ta unna utfordringane i barnevernet, gjer Følling uroa for framtida.

– Dette fortel om eit veldig pressa barnevern i kommunane. Det er stor auke i sakene. Kommunane må ta tak i dei mest alvorlege sakene, og då blir det gjerne saldert på oppfølgingsansvar.

– Betyr det at kommunane blir tvungen til å velje kva saker dei jobbar med og kva saker dei får følgt opp på grunn av ressursmangel?

– Ja, kommunane melder at det er stor auke i saker, det er ressursmangel, personalmangel, til å følgje opp den store auken det er i barnevernssaker og den auken i oppgåver det er.