Hopp til innhold

– Betre at det svingar, enn at eg er stabilt dårleg

Anders Fannemel sine prestasjonar har i år svinga frå elendig til siger på kort tid. No leitar skihopparen etter formen før møtet med bakken der han sette verdsrekord i fjor.

Anders Fannemel

REVANSJESUGEN: Anders Fannemel har ikkje fått det heilt til denne sesongen. Likevel nektar han for at han famlar etter flyten.

Foto: Urs Flueeler / Ap

– Eg blir veldig forbanna eigentleg, seier Fannemel.

Slik har du kanskje ikkje høyrt den stillfarne honndølen før. Men det finst ei forklaring. Nordfjordingen med verdas lengste skihopp har denne vinteren opplevd ei skikkeleg berg- og dalbane i verdscupsirkuset.

41.-plassen på Lillehammer før jul er det svakaste resultat. I Japan for to veker sidan kom den første verdscupsigeren, før han dagar etter følgde opp med ein 34.-plass i Granåsen. (Sjå tabell nedst i saka).

– Eg blir veldig sur dei første fem minutta, men når eg får litt perspektiv på det innser eg at eg får nye sjansar til å retta opp feila mine, seier Fannemel.

– Han har starta rotete, men...

I kveld sit han igjen på bommen i skiflygingsbakken i Vikersund. Ikkje utan grunn er det ein spesiell bakke for 25-åringen. For nesten akkurat eit år sidan landa Fannemel på 251,5 meter her, og sette med det ny verdsrekord.

Og Fannemel presterte langt jamnare gjennom sesongen i fjor, enn i år, konkluderer NRK sin hoppekspert Johan Remen Evensen.

– Han starta sesongen fantastisk, og leverte toppresultat etter toppresultat. I år har han starta rotete, men funne ut av det litt gradvis.

– Eg ser at han stadig slit med å ta ut dei beste hoppa i konkurranse, men vi veit at det er potensial der.

Vikersund

VERDSREKORD: 15. februar i fjor sette Fannemel verdsrekord under skiflyging i Vikersund. Her jublar han på sletta etterpå.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Nektar for at han famlar etter forma

Sjølv syns Anders Fannemel at sesongen var spesielt vanskeleg før jul. På den andre sida er han nøgd med enkeltrenn i hoppveka, VM i skiflyging og verdscupsigeren i Sapporo.

Noko god forklaring på kvifor forma svingar har han ikkje.

– Det er små marginar i skihopping.

– Famlar du litt for å finne flyten?

– Eg må berre stole på at den er der. Startar eg å leite, blir hoppa kontrollerte og styrte.

Har trua på topphopp

johan remen evensen

POTENSIAL: NRK sin hoppekspert er spent på kva Fannemel kan prestere i Vikersundbakken i helga.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fannemel ligg no på ein 11.-plass i verdscupen. I fjor enda han på fjerdeplass, som beste nordmann.

Remen Evensen trur vi alt i helga kan få sjå Fannemel i godt, gammalt slag. Verdsrekorden kan vere innan rekkevidd.

– Han har vist enkelthopp som har vore heilt vanvitige. Potensialet er der, og eg trur det er sjanse for at han i løpet av helga kjem med eitt eller fleire topphopp.

Sjølv er Fannemel klar for å revansjere nedturen i Granåsen. Slik sett har han ingenting imot at det svingar av prestasjonane.

– Det er veldig mykje betre at det svingar, enn at eg er stabilt dårleg.

Fannemel sine plasseringar i verdscupen

Dato

Stad

Plassering

22. november 2015

Klingenthal

25

05. desember 2015

Lillehammer

41

12. desember 2015

Nizhny Tagil

12

13. desember 2015

Nizhny Tagil

8

19. desember 2015

Engelberg

6

29. desember 2015

Oberstdorf

4

01. januar 2016

Garmisch-Partenkirchen

7

03.januar 2016

Innsbruck

12

06. januar 2016

Bischofshofen

18

10. januar 2016

Willingen

7

24. januar 2016

Zakopane

15

30. januar 2016

Sapporo

21

31. januar 2016

Sapporo

1

10. februar 2016

Trondheim

34

Ekspander/minimer faktaboks