Frå tysk fotball til Rosenborg

Fotballspelaren Gustav Valsvik frå Vik har signert ei fireårskontrakt med Rosenborg, skriv klubben på nettsida si. 25-åringen har tidlegare spelt for mellom anna Sogndal, men har dei siste åra vore i den tyske klubben Eintracht Braunschweig i 2. Bundesliga. – Dette er ein kjempefin overgang for meg no. Eg er kjempestolt og glad for å komme til Noregs største klubb, og eg ser fram til å spele for Rosenborg, seier Valsvik som no blir lagkamerat med Even Hovland.

Valsvik klar for RBK
Foto: RBK.NO