Hopp til innhold

Frå spøk til alvor

HØYANGER (NRK): Presidentvalet i USA ser ut til å ha gått inn på ungdommar i Noreg. Donald Trump blir portrettert på fleire vis av unge kunstnarar på UKM.

Thale Eliassen Fink

LER IKKJE NO: Thale Eliassen Fink stiller ut ei teikning av Donald Trump: «Lagde denne i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no.»

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg lagde faktisk denne i byrjinga av 2016, og etter valet nå i haust så forstod eg at det var alvor. Det var meint som noko morosamt, men det vart litt skumlare enn eg hadde trudd.

Donald Trump

TRUMP: Thale Eliassen Fink har fanga hårsveisen og ansiktsuttrykket til Donald Trump.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Følg UKM-festivalen direkte her

Det seier Thale Eliassen Fink (17) frå Førde om portrettet ho har laga av Donald Trump. Kunstverket heiter Lagde denne i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no. Portrettet er teikna med ein svart penn og tusj.

Donald Trump

MED HORN: Fride Audunsdotter Westvik har òg teikna Donald Trump. Ho har gjeve han djevelhorn.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Fyrst var det ikkje meininga at verket skulle vera politisk, men det utvikla seg i takt med valet i USA.

Fink fortel at ho teiknar kvar dag, og dette er fjerde gong ho stiller ut på UKM. Tidlegare har ho mellom anna laga ein skulptur av eit tre i full storleik og dekt av aluminiumsfolie. Likevel trur ho ikkje at ho kjem til å gå vidare med kunsten for fullt.

– Eg går på studiespesialiserande på vidaregåande med realfag som fordjuping. Så teikning er berre noko eg driv med på fritida og på kulturskulen. Men det hadde vore morosamt å gå vidare til landsfestivalen, eg har høyrt mykje om den.

Miniatyrstove

Jorunn Grøndal (16) frå Lærdal er ein av dei andre kunstnarane på UKM i Høyanger. Ho har laga eit verk som heiter «Glasshuset», som er ei lita stove plassert inni ei glaskrukke. Ho fortel at det bokstaveleg talt var flaskehalsen som sette avgrensingar for verket.

Jorunn Grøndal

UNG KUNSTNAR: Jorunn Grøndal poserer ved sida av kunstverket sitt.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg måtte passe på at møblane var små nok til å gå gjennom opninga. Så det vart eigentleg ikkje så stort som eg ville ha det.

Inne i stova er det ein lenestol, eit salongbord, ein puff og ei lampe. Grøndal har laga og sydd alt sjølv, i lenestolen har ho brukt svampar for å få ein god fasong. I kvardagen driv ho òg mykje med teikning.

– Er det fyrste gong du er med på UKM?

– Nei, det er andre gong eg har kome så langt. For nokre år sidan stilte eg ut eit bilde.

Glasshuset

STOVE I GLAS: Nærbilde av kunstverket til Jorunn Grøndal, som er ei lita stove inni ei glaskrukke.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Opning av utstillinga

Raud løpar

HØGTIDELEG OPNING: Den raude løparen vart rulla ut før opninga av kunstutstillinga på UKM-festivalen i Høyanger, der 53 kunstverk blir utstilt denne helga.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

UKM-festivalen er godt i gang i Høyanger, og i dag opna kunstutstillinga med 53 verk av ungdom frå heile fylket. Assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, rosa ungdommen i opningstala.

– Det er ein stor ressurs at ungdommane er både arrangørar, konferansierar og står for mediedekninga. Eg håpar at festivalen skal inspirere dykk slik at de reiser heim, arbeider vidare og kjem att neste år. Nokre blir kanskje motiverte til å ha kunsten som utdanningsveg og leveveg.

Her kan du sjå alle kunstverka:

Lothe - av Marlin Hellebust, Fjaler
Foto: Arve Ullebø
Opning av kunstutstillinga

OPNING: Det var stappfullt hus på opninga av kunstutstillinga.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK