Hopp til innhold

Frå sølv til gull i beach-NM

Malene Solheim (27) frå Fjaler fekk solid revansje med Sola HK under helgas beach-NM i handball.

Malene Solheim

TIL TOPPS: - Spelarane prøver seg på spektakulære scoringar som piruett og flygarar. Beach-handball er kjekkare å sjå på for publikum, seier Malene Solheim frå Fjaler.

Foto: Jan Kåre Jacobsen

Ikkje nok med at Sola gjekk heilt til topps i seniorklassa for kvinner, den tidlegare Jotun og Tertnes-keeperen vart kåra til turneringas mest verdifulle spelar.

– Vi måtte ha gullet med oss heim i år, ettersom vi tok både gull og sølv i fjor. Då var eg på sølvlaget, så det var godt å få gull, gliser ho.

Overlegen

Fjalerbuen skal til på sin tredje sesong med Rogalandsklubben. Før det var ho tre sesongar i eliteserieklubben Tertnes i Bergen.

Under helgas NM i Arendal, vart finaleplassen sikra etter 2-0 over det tidlegare storlaget Bækkelaget. Med 12-7 og 16-6 i dei to setta av finalekampen, vart det 2-0 også mot Gøy HK 2.

– Vi vann begge setta ganske bra, så det gjekk greitt, seier ho.

Mest verdifulle

På toppen av NM-tittelen vart Solheim også kåra til turneringas mest verdifulle spelar. Ei kåring ho ikkje seier seg heilt samd i.

Regionstyremedlem Birger Eggen i NHF Region Sør-Vest, grunngjev kåringa med rask igangsetting, høg redningsprosent og mange direkteskot i mål. Solheim noterte seg for ei scoring og hadde redningsprosent på 60 i finalen.

– I tillegg er Malene alltid rettferdig og engasjert på ein positiv måte. Det var også ein del av kriteriane, seier han og fortel keeperane spelar ei viktig rolle i strandhandball.

– Styrte alt sjølve

– Eg tykte dei kunne gitt den premien til heile laget, svarar Solheim.

Sola reiste til meisterskapen i Arendal på eige initiativ. Utan trenarar eller lagleiarar som plar følgje dei gjennom heile sesongen innandørs.

– Det var i grunn veldig godt. Vi styrte heile showet sjølve og er veldig nøgde med utfallet, seier ho.

Klar for Beach-EM

I sommar får Solheim sin fjerde tur med landslaget i beach-handball. Turen går til kroatiske Umag der landslagsjentene skal kjempe om EM-tittelen.

Dei norske jentene har frå før både VM-gull, EM-sølv og EM-bronse. Draumen er sjølvsagt ei ny medalje - helst gull. Sjansane bør vere gode for fjorårets verdsmeistrar.

– Det er ei tillitserklæring å få plass på beach-landslaget. Og den tek eg. Men målet er å bli ein stabil og god eliteseriemålvakt, seier 27-åringen.

– Meir krevjande

Beach-handball er ein langt mindre idrett enn innandørs-handball. I Arendal deltok totalt 29 lag i samtlege klassar.

Av eliteserielaga deltok berre Sola, Våg og Arendal.

– Eg tykkjer beach-handball er kjekt som ei avkopling til den vanlege kvardagen. Som keeper er det utruleg artig å kunne vere meir delaktig i spelet enn innandørs, men det er meir krevjande kondisjonsmessig, seier ho og meiner fleire burde fått augo opp for idretten.

Går for sluttspel

Sola hamna førre sesong på ein respektabel 9. plass i comebacksesongen i eliteserien. I år har dei mellom anna henta inn Hege Bakken Wahlquist frå Jotun.

Solheim meiner klubben i år bør sikte seg inn på ein sluttspelplass. Førre sesong var dei eitt poeng frå.

– Andresesongen plar bli tøffare, men vi må gå for sluttspel. I fjor glapp den så vidt, seier ho.