Hopp til innhold

Frå Skottland til Førde for å klippe sau

FØRDE (NRK): 18-åringen Stuart Howden frå Skottland er ein av mange sesongarbeidarar på klippeavdelinga til Nortura. Kvar dag klipper han over 2000 sauer.

Stuart Howden frå Skottland har tatt turen Norge for å klippe sau i fårikålsesongen.

IKKJE SOM DU SKULLE TRU: Stuart Howden klipper høgre side og nakken på sin stasjon. Totalt er dei ti personar på klipperekkja til ei kvar tid, som har ansvar for å klippa kvar sin del av sauen. Dei bruker berre 15 sekund per sau. Sjå kor fort dei klipper i videoen.

– Eg vart spurt om eg ville jobbe som saueklippar i Norge, og det takka eg ja til med ein gong, seier Howden til NRK.

Han kjem frå Ettrick Valley, sør i Skottland og er i Norge for første gang. Howden har vakse opp med ein sauegard som nærmaste nabo og har klipt sauer i mange år. Likevel er jobben på Nortura annleis enn det han er vand med.

Samleband

Ved slakteriet i Førde vert sauen først avliva, før den blir sendt vidare på eit samleband der kvar av dei ti klipparane har ansvar for kvar sin del av sauen.

– Eg klipper høgresida og nakken. Eg ante ikkje at det var slik det fungerte her. Tidlegare har eg berre klippa levande sauer, seier Howden, som trivst godt i jobben.

– Eg liker best å jobbe med eit verktøy i handa og det er tilfredsstillande å sjå ulla dette av sauen.

I tillegg til Howden er det fleire sesongarbeidarar frå Storbritannia og ein frå Makedonia på klipperekkja.

2500 sauer om dagen

Grunna ein sein sommar i fjellet har bøndene valt å la sauene vere ekstra lenge fjellet i år. I skrivande stund har Nortura tatt imot fleire tusen færre sau mindre enn på same tid i fjor.

– I veke 36 fekk vi inn 4000 færre sauer enn vi vanlegvis får inn på den tida. Det må vi ta att og det vert lange dagar framover, seier avdelingsleiar ved ull- og klippeavdelinga, Nils Paulen.

Nils Paulen

TRAVLE DAGAR: Avdelingsleiar ved ull- og klippeavdelinga, Nils Paulen har travle dagar. Førre veke fekk dei inn over 13 000 sauer.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

No går slaktinga for full maskin frå klokka 07:00 om morgonen til klokka 18:00 om kvelden.

– Vi klipper om lag 2500 sauer kvar dag og har pause annankvar time, seier Howden.

Kjapt utrekna gjev det nesten fire sauer i minuttet.

God slaktevekt

Tidlegare i sommar frykta fleire bønder at den seine sommaren i fjellet ville gå kraftig utover slaktevekta.

– Snittvekta på lamma som kjem inn er over 23 kilo. Det er veldig bra. Sjølv om det tok lang tid før bøndene fekk sende sauene til fjells, vart det veldig gode fjellbeite til slutt, seier Paulen.

Howden har litt over ein månad att ved slakteriet før han skal heim att til Skottland.

– Eg liker meg veldig godt her. Førde minner meg om Skottland, og det er mange fine fjellturar i området som eg går på når eg ikkje er på jobb, seier Howden.

Kjem du att til neste år?

– Det gjer eg gjerne, svarar Howden, som bur i ei hytte på Vassenden.