Hopp til innhold

Frå Rosenborg til Sogndal

Berre to månadar etter at han imponerte mellom stengene for Rosenborg i Champions League, blir Jacob Storevik (15) å finne i Sogndal-trøya.

Jacob Storevik

TIL SOGNDAL: Jacob Storevik får vise seg fram mot eliteserieklubbane Aalesund og Strømsgodset i Sogndal si eliteturnering for juniorar.

Foto: Stig Høynes / NRK

Naustedølen er i med den 19 mann store juniortroppen som Sogndal har teke ut til eliteturneringa i Sognahallen 20. - 22. januar.

Men allereie kommande helg er Jacob Storevik attende i Trondheim for å sjå på forholda der.

– Rosenborg har vist veldig interesse og ynskjer at eg skal flytte oppover til hausten når eg byrjar på vidaregåande skule. Eg skal sjå nærare på skulen og tilboda rundt klubben, seier han og presiserer at han førebels ikkje har fått konkret tilbod frå Rosenborg.

Imponerte RBK

15-åringen frå Naustdal fekk i november i fjor trene med både A-laget og juniorlaget til Rosenborg. Opphaldet vart krona med debut i NextGen Series, ei turnering rekna for å vere juniorlaga sitt svar på Champions League.

Storevik imponerte då han heldt nullen i 2-0 sigeren over Ajax . 15-åringen håpar på reprise når han trekkjer sogndaltrøya over hovudet.

– Det hadde vore veldig gøy å få vise meg like bra fram i Sogndal som der. Det er veldig gøy å få sjansen til å viseg seg fram for fleire klubbar, seier han.

Takka nei til Reading

Han vaktar til dagleg buret for 3. divisjonslaget Florø. Han har også stått i mål for aldersfastlagde landslag. I vinter har han fått invitasjon om treningsopphald med både Brann og Reading.

Førebels har han ikkje teke turen til Bergen, medan han allereie har takka nei til trening med den engelske Championship-klubben.

– Det hadde vore hyggeleg med England i framtida, men eg trur eg skal konsentrere meg om ein klubb om gangen. Dessutan tykkjer eg det er litt for tidleg, seier han.

Ser mot Rosenborg

Sogndal er derimot lite aktuelt på noverande tidspunkt. Medan Rosenborg har tre lag i dei fire øvste divisjonane, har Sogndal sitt andrelag på nivå fem - 4. divisjon.

Rosenborg er også regjerande cupmeistrar for junior.

– I tillegg har Sogndal henta inn ny 2. keeper i Leif Lysne frå Fjøra , så sjølv om treningstilbodet er bra så har Rosenborg eit betre kamptilbod. Men vi får sjå, seier han.

Kampprogrammet eliteturnering i Sognahallen

Dag

Klokkelsett

Kamp

Fredag

Kl. 10

Sogndal - Strømsgodset (gutt)

Fredag

Kl. 12

Sogndal - Strømsgodset (junior)

Fredag

Kl. 14

Aalesund - Hødd (gutt)

Fredag

Kl. 16

Aalesund - Hødd (junior)

Laurdag

Kl. 10

Strømsgodset - Hødd (Gutt)

Laurdag

Kl. 12

Sogndal - Aalesund (gutt)

Laurdag

Kl. 14

Sogndal - Hødd (junior)

Laurdag

Kl. 16

Strømsgodset - Aalesund (junior)

Søndag

Kl. 10

Aalesund - Strømsgodset (gutt)

Søndag

Kl. 12

Sogndal - Aalesund (junior)

Søndag

Kl. 14

Hødd - Strømsgodset (junior)

Søndag

Kl. 16

Sogndal - Hødd (gutt)

Ekspander/minimer faktaboks