Hopp til innhold

Frå rock til heilt køntri i Gulen

Gulen og Viggo Randal i ein og same setning plar vere synonymt med rockefestivalen Utkant. Men ikkje denne helga.

Køntri i Gulen
Foto: Gøril Sætre

For denne helga er det Køntri som står på programmet i Eivindvik.

Hardtslåande rytmar under Kongestatuen i Skjerjehamn er bytta ut med cowboyhatt og boots på tusenårsstaden Gulatinget.

– Det er ein gyseleg flott plass, og den tenkte vi burde brukast til noko. Og country passar flott inn her, seier festivalsjef Viggo Randal.

Håpar på 2 000

Det er første året at dei prøver seg med countryfestival i Gulen. Fredag kom 700–800 hovudsakleg tilreisande personar for å få med seg Staut og Sie Gubba.

Viggo Haveland Randal og Berthe Haveland Randal

NØGD: Festivalsjef Viggo Randal (t.v.), her saman med Berthe Randal seier det ikkje er fare for at han no fokuserer berre på countryfestival. – Eg trur ikkje ein skal engste seg for det. For meg som jobbar eitt par dagar i året, så skal det gå greitt å veksle mellom to sjangrar, ler han.

Foto: Gøril Sætre

I kveld vil venteleg lokalbefolkninga få lufta dansefoten sin. Randal håpar på 1 400–1 500 når hovudtrekkplasterer Gunslingers entrar scena.

– Vi håpar på kring 2 000 besøkande denne helga, og det trur eg vi skal klare. Vi treng noko mindre for å gå i balanse, men det er greitt å ha litt å gå på når vi startar planlegginga til neste år, seier han.

– Er eit behov

For arrangørane har ikkje tenkt å sleppe taket på countryen heilt enno. Randal meiner blir det litt feil å blande til dømes Vassendgutane inn i rockeprofilen til Utkant.

For det er same gjengen som arrangerer Utkant som no står for Køntri.

– Dette er eit supplement til Utkant, som vi allereie arrangerer, seier Randal.

– De har ikkje tenkt å ta opp kampen med Norsk Countrytreff på Breim?

– Eg trur nok vi kan sameksistere, og erfaringane frå Utkant er at dette er etterspurt. Det er kultur for country på Vestlandet, og det er tydelegvis rom for ein festival til.