Frå politi til allemannsrett

Han har passa på oss som politimann i ei årrekkje. No er det allemannsretten og naturen Bjarte Engevik frå Solund skal passe på.

Bjarte Engevik

GLER SEG: Bjarte Engevik er vaksen opp på kysten og er vant med opne landskap, havet og det spesiellet lyset. No har han bytta ut politiuniform med turklede.

Foto: Elias Engevik

– Fjell, skog og kyst opptek meg veldig. Det å legge til rette slik at alle kan oppleve dette, sjå på dyreliv og få frisk luft, tykkjer eg er ufatteleg viktig, seier Bjarte Engevik som er dagleg leiar i Fjordkysten friluftsråd.

Rådet dekkjer kommunane Flora, Askvoll og Solund og skal forsvare allemannsretten. Det vil seie å sikre friluftsområde, byggje stiar, toalett, parkeringsplassar og brygger.

– Allemannsretten seier at alle skal få ferdast i utmark året rundt og deler av innmark vinterstid, om ein tek omsyn til eigarar, andre brukarar og naturmiljøet.

Valde å bytte beite

Bjarte Engevik

28 ÅR I POLITIET: Bjarte Engevik har vore politimann i Sogn og Fjordane i mange år.

Foto: Politiet

Men før Engevik tok over som dagleg leiar i haust, hadde han mange år i politiet.

– Eg var ferdig på Politihøgskolen i 1989. Etter det var eg nokre år i Balestrand, der eg traff ho eg deler livet med.

Seinare har han jobba både i Askøy, Solund, Florø og Askvoll. Men etter mange år med pendling og omorganiseringar, valde han å hoppe av.

– Eg har hatt ei fantastisk tid i politiet. Det er vemodig å forlate alle desse gode kollegaene mine.

No er det friluftsliv som ventar, ei glede han har hatt meg seg sidan han var liten.

– Far var indistrigrunder, men også oppteken av å vere ute. Difor donerte han 560 dekar av Engevik-eigedommen. Dette er i dag Engevik naturreservat, eit område med statleg vern.

Vil legge til rette for alle

Bjarte Engevik.

NY JOBB: Bjarte Engevik skal no å jobbe med allemannsretten og legge til rette for friluftsliv.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

Han er oppteken av at alle skal får moglegheita til å vere ute i naturen.

– Vi skal sikre framtidige generasjonar at det finns område med urørt natur, men samstundes må vi leggje til rette for dei som lever i dag. Også dei som slit med fysiske vanskar, må få moglegheita til å komme seg ut.

– Er vi villige til å ofre urørt natur for dette?

Vi veit aldri når vi kjem i ein situasjon der vi kanskje ikkje kan gå toppturar meir. Vi må gå i oss sjølv og vere litt rause. Det må vere område der alle skal kunne ferdast, men det blir ei viktig avveging om kvar desse skal liggje.

Det beste tipset

Sjølv er han veldig glad i naturen og det blir mange turar ute.

– Jakt, fiske og båtliv ligg hjartet mitt nær. Dei moglegheitene vi har ved kysten er fantastiske. Eg er vant med opne landskap og det spesiellet lyset. Det gjer meg godt og er befriande.

– Vestlandet kan by på både sur vind og piskande regn. Er du like glad i allslags ver?

– Ja. Eg lærte i militæret at trikset er å halde seg tørr på beina, så gode sko er mitt tips.