Hopp til innhold

Frå oljeskip til isbrytarar og vindmølleskip

LEIRVIK (NRK): Skipsverftet i Hyllestad byggjer ikkje berre forsyningsskip til oljesektoren. Dei satsar også på fiskebåtar, isbrytarar og serviceskip til vindmølleparkar til havs. Årsaka er endringar i marknaden.

Havyard Leirvik

HØGT TEMPO: Trygve Solaas og Erik Øren ved Havyard Ship Technology AS framfor skipet som snart er klart til utskiping. Skipet skal brukast i samband med servicearbeid for vindmøller til havs.

Foto: Bård Siem / NRK

På det meste har det jobba 750 mann ved skipsverftet i den vesle sognebygda. Ein stor del av dei er utlendingar. Tempoet og aktiviteten er ofte høg, fortel verftsdirektør Trygve Solaas ved Havyard Ship Technology AS.

– Her er det ofte mykje arbeid i høg fart. Særleg når vi er i sluttfasen med eit skip er tempoet høgt, seier han.

Serviceskip for vindmøller

Eit av skipa som er under ferdiggjering skal brukast i til servicearbeid på havgåande vinmøller. Skroget er laga ved eit tyrkisk verft og er slept til verftet i ytre Sogn. Her blir motoren sett inn og all elektronikk og innreiing montert. Skipet skal vere ferdig før påske.

Havyrad Leirvik

FLEIRE TYPAR: Frå vindmølleskipet ved Havyard Ship Technology AS ser vi eit skip som skal nyttast i fiskeriindustrien.

Foto: Bård Siem / NRK

Utfordrande marknad

Sunnmøring Per Sævik kjøpte skipsverftet i Leirvik ved tusenårsskiftet frå Kværner. Pengane har dei siste åra rulla inn og selskapet har kome på børs. Men etter at oljeprisen har stupt og aktiviteten i oljesektoren har vorte redusert, har situasjonen vorte utfordrande for Havyard Ship Technology.

– Frå å ha spesialisert oss på oljeindustrien, er vi i full gang med å omstille oss. Vi er i ein bransje der vi er nøydde til å omstille oss raskt. Dersom ikkje går det gale, seier Solaas.

Havyard Leirvik

OMVISNING: Klubbleiar Morten Langeland viser oss rundt i skipet som skal brukast i samband med servicearbeid for vindmøller til havs.

Foto: Bård Siem / NRK

På det meste 750 arbeidarar

Verftet har dei siste åra hatt ei omsetning på om lag 1,5 milliardar kroner og ei grunnbemanning på om lag 200 tilsette. Men i enkelte periodar har det vore sysselsett heile 750 personar inne på verftet, dei fleste av dei utlendingar, fortel personaldirektør Erik Øren.

– Vi er heilt avhengige av den utanlandske arbeidskrafta, seier han.

Havyard Leirvik

TRAVELT: Den polske snikkaren har nok å gjere om bord i skipet.

Foto: Bård Siem / NRK