Hopp til innhold

Frå nedrykk til cupfinale for Runar

I fjor rykte han ned til 2. divisjon med Florø. I dag spelar han cupfinale for eliteserielaget Viking på Ullevål.

Runar Hove

I FINALEN: Runar Hove (t.v.) har hatt fast plass på førsteellevaren til Viking den siste sesongen. Han trur finalen vert tøff og jamn.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Sjå cupfinalen her søndag klokka 13.

Dei fleste fotballspelarar kan berre drøyme om ei slik reise. For Runar Hove vart draumen verkeleg. Fire dagar før jul i fjor skriev han ein treårskontrakt med Viking. Dermed vart florøværingen profesjonell fotballspelar med ei årsløn på over ein halv million kroner.

– Det er fantastisk. Det er ein draum som går i oppfylling. Dette var nok den beste julegåva i år, sa Hove til NRK i fjor.

Ikkje nervøs før kampen

Og mindre fantastisk er nok julegåva ikkje blitt. Viking har spela godt den siste sesongen. Og utanom ein liten periode med skade, har Hove hatt fast plass på laget. Med andre ord har stopparen gjort sitt bidrag til at Viking spela seg til cupfinale mot erkerivalen Haugesund på Ullevål i dag.

Sjølv om cupfinale ikkje var i tankane då han rykte med dei gamle lagkameratane i fjor, har turen til Ullevål likevel ikkje vippa den sindige florøværingen av pinnen.

– Eg er ganske roleg. Eg er eigentleg det framfor dei fleste kampane. Eg tenkjer lite på kampen før eg står ute på bana. Dagane før er eg ganske avslappa, fortel han.

– Tenkte ikkje på cupfinale

–For eitt år sidan var du med på nedrykket til Florø. Hadde du då tenkt tanken på at du eitt år seinare skulle spele cupfinale?

– Nei, på ingen måte. Eg visste at eg hadde tilbod frå fleire klubbar, men at eg skulle spele cupfinale var ikkje i tankane.

Hove rosar samhaldet i klubben og støtteapparatet rundt, som han meiner har gjort han til ein betre spelar.

– Det har vore utruleg moro. Det er ein fantastisk gjeng som det er lett å verte glad i. Oppskrifta på årets suksess er at folk gjer det vesle ekstra for lagkameratane sine. Då vinn vi ein del poeng.

Håpar på sigersmålet

– Kva er forventingane dine til kampen i dag?

– Eg har høryt det skal byrje å snø noko sinnssjukt. Det vert kanskje kaos. Nei, eg ventar ein tøff og jamn kamp. Eg har god tru på at vi kan vinne kampen, smiler han.

– Får vi sjå Runar Hove stange inn eit sigersmål mot slutten?

Det hadde vore heilt fantastisk.