Normal

Frå mjølkebil til topp moderne brannbil

Gaular brannvesen har fått bygd om ein mjølkebil til ein topp moderne skum-brannbil.

Gaular brannvesen har fått bygd om ein mjølkebil til ein topp moderne skum-brannbil.

Foto/reporter: Oddmund Reisæter Haugen

Måndag ettermiddag vart bilen vist fram på Sande. Per Otto Selstad som har vore prosjektleiar fortel at skumbilen er blant dei beste i landet av sitt slag.

– Vi fekk tak i ein brukt mjølkebil. Då vi rigga den til såg vi raskt kva vi måtte ha, seier Selstad.

Han er tydleg stolt over den nye brannbilen som har tank med plass til 12 500 liter vatn. I tillegg har den både skumkanon og skuminjektor.

– Det gjer at vi kan skumlegge både ved bustadbrannar og ikkje minst ved tunnelbrannar. Vi betraktar dette som ein av landets beste tankbilar for deltidsbrannfolk, seier Selstad.

Ny brannbil i Gaular

NY BRANNBIL: Måndag vart den nye brannbilen synt fram i Gaular.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Viktig for beredskapen

Brannsjefen i Gaular er ikkje mindre stolt over det nye tilskotet til brannvernsberedskapen i kommunen.

– Dette betyr først og fremst at vi er i stand til å oppretthalde ein god beredskap innanfor brann og redning, seier brannsjef Truls Folkestad.

Gjennom Gaular går tungt trafikkerte E39, og brannvesenet i kommunen har også ansvar for fleire tunnelar.

– Vegvesenet har vore inne med tilskot for at vi skal kunne få på plass ein bil som vi kan ha til utrykking, og der vi kan ha med nok vatn, seier Selstad.

Han er også glad for den store tanken på den nye brannbilen. For tilgangen på vatn til sløkking i den kommunale vassforsyninga er ikkje like god alle stader i kommunen.

– Difor er det viktig å kunne ha med seg nok vatn, seier Folkestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune